Leif Østby (fødd 2. januar 1906 i Skjeberg, død 23. desember 1988)[1][2] var ein norsk kunsthistorikar. Han vart cand.philol. i 1933 og var lektor frå 1934 til etter den andre verdskrigen. I 1946 vart han konservator ved Nasjonalgalleriet, tre år seinare førstekonservator, ei stilling han hadde til 1973. Han var medarbeidar i Kunst og Kultur frå 1955, og var redaktør av tidsskriftet frå 1962 til 1980.

Leif Østby
Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. januar 1906
Død

23. desember 1988 (82 år)

Yrke kunsthistorikar
Språk norsk

Bibliografi endre

Leif Østby var forfattar og gav ut fleire bøker om kunst og kunstnarar. I 1985 fekk han Det Norske Akademis Pris til minne om Thorleif Dahl. Prisen vert gjeve for framifrå skjønnlitterært eller faglitterært forfattarskap på riksmål.

  • Publikasjonar av Leif Østby i BIBSYS
  • Fra naturalisme til nyromantikk 1934
  • Norske portretter 1935
  • Norges kunsthistorie 1938, kom i ei rekke utgåver
  • Norges billedkunst i det nittende og tyvende århundre, bind 1 1951 saman med Henning Alsvik
  • Gyldendals leksikon over moderne nordisk kunst (norsk redaktør) 1958
  • Norsk tegnekunst i Nasjonalgalleriet 1963
  • Verdens kunsthistorie 1963 saman med Ragna Thiis Stang
  • Med kunstnarauge - norsk natur og folkeliv i billedkunsten 1969
  • Østfold i billedkunsten 1980 ISBN 978-82-7412-009-9

I tillegg til desse bøkene skreiv han fleire katalogar over Nasjonalgalleriets kunst. Han skreiv òg bøker om kunstnarane Harald Sohlberg, Hjalmar Haalke, J.C. Dahl, Theodor Kittelsen og Fridtjof Nansen.

Kjelder endre

  1. Steinar Wiik (31. desember 1985). «Kunsthistorikeren Leif Østby: En formidler av kunst». Aftenposten: 16. 
  2. Hvem Hva Hvor 1990 side 127 Årets døde