Leif Reinhardt Natvig

Leif Reinhardt Natvig (8. mars 189414. november 1975) var ein norsk entomolog frå Oslo. Han var 50 år knytt til Zoologisk museum ved Universitetet i Oslo, der han spesialiserte seg på studiet av blodsugande og helseskadelege insekt og midd, særleg nordiske stikkmyggar av familien Culicidae.

Leif Reinhardt Natvig
Fødd 8. mars 1894
Oslo
Død

14. november 1975 (81 år)

Yrke entomolog

Natvig var son til ein lækjar. I 1914 fekk jobben som privatassistent for professor N.J.T. Odhner ved Zoologisk museum og i 1916 konservator-stilling ved insektavdelinga. Han tok bifagseksamen i zoologi i 1922, og utdanna seg vidare i eksotisk patologi og medisinsk parasittologi ved Institut für Schiffs- und Tropenkrankheiten i Hamburg åra 1927-28, 1933 og 1938. Frå 1949 var han styrar av Zoologisk Museum til han vart pensjonert i 1964.

Natvig var formann i Norsk entomologisk forening 1937-50 og redaktør av foreininga sitt tidsskrift 1954–5?

KjelderEndra

Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1958