Opna hovudmenyen
For kyrkja med same namn i Selje i Nordfjord, sjå Leikanger kyrkje i Nordfjord.
For kyrkja med same namn i Leikanger i Sogn, sjå Leikanger kyrkje i Sogn.

Koordinatar: 62°14′57″N 5°46′54″E

Leikanger
kyrkje
Leikanger church.JPG
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Møre
Prosti Søre Sunnmøre
Sokn Leikanger
Fellesråd Herøy
Type Åttekantkyrkje
Arkitekt Elling Olsson Valbø
Teknikk laft
Material Tre
Innvigd 1873 (opphavleg 1807)
 - Endringar 1960
Takryttar Midt over skipet
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol Frå 1642
Altartavle Av Arne Kinsarvik 1948 (kopi etter original som er i Bergen museum)
Sitjeplassar 380
Wikimedia Commons: Leikanger kirke, Herøy

Leikanger kyrkje er ei åttekanta trekyrkje på Leikong i Herøy kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja stod opphavleg på Sjøholt i Ørskog, der ho hadde stått frå 1807, og vart flytt til Leikong i 1872. Den seinare eidsvollsmannen Elling Olsson Valbø stod bak kyrkja frå Ørskog. J.F.L. Dreiers bilete frå 1826 viser kyrkjebygget då det stod på Sjøholt, men Dreiers fantasifulle teikning framstiller bygget som ei krosskyrkje. Siste gudstenesta på Sjøholt vart halde 7. april 1872. Deretter vart kyrkja plukka ned og frakta med båt til Leikong. Ørskog fekk 750 specidalar for bygget. Før året var omme var kyrkja reist på dei ny tuftene på Leikong, 26. januar 1873 vart kyrkja på Leikogn vigsla. Bygget var først tekt med spon, nokre år seinare kom det skifter fordi spona ikkje held.[1] Tårnet var først sett opp over våpenhuset, men vart flytta tilbake til sin opphavlege plass midt på taket ved restaureringa i 1960. Frå Sjøholt kom ei inngangsdør og preikestolen frå 1642 med. Preikestolen er dekorert med utskjeringar. Altartavlen er ved Bergen Museum, men i 1948 fekk Leikong ein kopi som er sett opp i kyrkja.

Kyrkja har 380 sitjeplassar.

BileteEndra

KjelderEndra

  1. Grimstad, Arnljot (2012): Korleis det kom kyrkje på Leikong. Årsskrift 2012, Ørskog historielag, hefte nr 22.

BakgrunnsstoffEndra