Leizhouhalvøya (kinesisk skrift 雷州半岛, pinyin Léizhōu Bàndǎo), er ei halvøy i den sørvestlegaste delen av provinsen Guangdong i Folkerepublikken Kina. Ho har Tonkinbukta på vestsida si, det 30 km breie Qiongzhoustredet mot øya Hainan i sør, og det opne Sør-Kina-havet i aust.

Leizhouhalvøya
halvøy
Land  Folkerepublikken Kina
Kart
Leizhouhalvøya
21°N 110°E / 21°N 110°E / 21; 110
Wikimedia Commons: Leizhou Peninsula

Halvøya ligg i den tropiske delen av Sør-Kina. Det ligg nokre inaktive vulkanar på henne.

Zhanjiang, ein hamneby på austkysten, er den viktigaste byen.

Minnanspråket leizhouhua blir nytta i området.

Kjelder

endre