Tonkinbukta

Tonkinbukta (eller Beibubukta) er ein utløpar av Sør-Kina-havet. Namnet er avleidd av den vietnamesiske landsdelen Tonkin.

Tonkinbukta
bukt
Gulf of Tonkin.jpg
Land Flag of Vietnam.svg Vietnam, Flag of the People's Republic of China.svg Kina

Tonkinbukta
19°45′ N 107°45′ E
Wikimedia Commons: Gulf of Tonkin
Tonkinbukta på kartet
I den vietnamesiske delen av Tonkinbukta ligg Halongbukta.

Øya Hainan (ein eigen kinesisk provins) og Leizhouhalvøya (som tilhøyrar Guangdongprovinsen) avgrensar Tonkinbukta i aust. I nord ligg den kinesiske provinsen Guangxi, og i vest er Vietnam. Mot sør opnar bukta seg mot resten av Sør-Kina-havet. Mellom Leizhou og Hainan er Qiongzhousundet.

Bukta er rundt 90 000 km² i utstrekking. Den største djupna er berre 68 met. Raudeelva munnar ut i bukta. Dei viktigaste hamnebyane er Haiphong i Vietnam, Beihai (Peihai) på det kinesiske fastlandet og Haikou på Hainan (mot Qiongzhousundet).

Ein av dei mest kjende stadene å sjå i bukta er Halongbukta i Vietnam.

Det alternative namnet Beibubukta (Bei Bu tyder 'Nordbukta') har byrja å få gjennomslag fordi Tonkin på ei rekkje asiatiske språk òg kan tyda Tokyo.

KjelderEndra