Leksvik er ein tettstad i Indre Fosen kommune i Trøndelag fylke. Busetnaden i tettstaden ligg spreitt langs fjorden mellom elvane Innerelva og Ytterelva, og er særleg konsentrert omkring strandområda Kroa og Rønningen. Leksvik var administrasjonssenteret i den tidlegare kommunen Leksvik og har 1 113 innbyggjarar per 1. januar 2023.

Leksvik
tettstad
Land  Noreg
Fylke Trøndelag
Kommune Indre Fosen
Areal 1,42 km²
Folketal 1 113  (2023)
Folketettleik 784 / km²
Postnummer 7121 LEKSVIK
Innbyggjarnamn leksværing
Kart
Leksvik
63°40′22″N 10°37′24″E / 63.6727°N 10.6232°E / 63.6727; 10.6232
Wikimedia Commons: Leksvik

Sentrum ligg like ved fylkesveg 755 vest for Krobrua. Her er det gamle kommunehuset, handelssenter, diverse småbutikkar og andre servicetilbod. På det gamle kommunehuset finst NAV, bibliotek og kyrkjelydkontor. Lensmannskontoret, Bank og Post i butikk ligg i nærområdet. Vest for Rønningen er Hammerberget kai og ei småbåthamn.

Leksvik kyrkje ligg ved Røstad, om lag 0,5 km nord for tettstaden.[1]

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  1. «Leksvik - tettstedet». Store norske leksikon. 8. april 2016. Henta 28. mai 2017.