Lene Jenssen (fødd 22. april 1957) er ein norsk tidlegare symjar frå Fredrikstad som vann sølvmedaljen på 100 meter fri under Symje-VM 1978.

Lene Jenssen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. april 1957 (67 år)
Fredrikstad
Idrett svømming
Tok del i

Sommar-OL 1976

Utmerkingar

Aftenpostens Gullmedalje, Porsgrunds Porselænsfabriks Ærespris, Sportsjournalistenes statuett

Jenssen hevda seg i noregseliten frå 1972-sesongen. Ho kom på sølvplassen på 100 m fri både under noregsmeisterkapen 1972 og 1973. Sidan vart ho norsk meister i øvinga 1974, 1975, 1976, 1978 og 1979. I 1976 vann ho NM-gull også på 200 m fri, i 1978 tok ho gull på 200 meter medley. Både under NM 1976, 1978 og 1979 vart ho tildelt kongepokalen.

Under Verdsmeisterskapen i symjing 1978 i Vest-Berlin gjorde Jenssen unna sitt livs beste tevling i finalen på 100 m fri. Med tida 56,82 sekundar kneip ho sølvmedaljen i øvinga, austtyske Barbara Krause vann klart. For denne prestasjonen vart Lene Jenssen tildelt Morgenbladets gullmedalje.

Kjelder endre