Lene Kongsvik Johansen

norsk skodespelar

Lene Kongsvik Johansen (født 9. januar 1972 i Oslo) er ein norsk lærar, skodespelar og komikar.

Lene Kongsvik Johansen

Fødd9. januar 1972 (52 år)
FødestadOslo
Verka somskodespelar, komikar, lærar
PrisarGullruten for beste skodespelar, Gullruten for beste manus

Johansen voks opp i Groruddalen og Holmlia i Oslo. Mora arbeidde på trygdekontoret medan far hennar var i politiet.[1]

Etter fullført vidaregåande studerte ho ved Universitetet i Oslo. Her tok ho cand. mag. med faga nordisk, teatervitskap og idéhistorie, og dessutan praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Ho starta yrkeskarrieren som norsklærar på Ullern vidaregåande skule.[1]

I dei yngre åra sine var Johansen ein del av komikarduoen Asbjørnsen & Joh. saman med Hilde Louise Asbjørnsen. Dei hadde møtt kvarandre i Studentteateret på Universitetet i Oslo, der begge medverka i fleire oppsetjingar i tida 1998–2000. I ein tiårsperiode framførte dei revyar med eiga tekst og musikk. Dei byrja med Noraprisen i Oslo og Bergen i 2000/2001, følgde opp med suksessførestillinga Nye Eventyr (2002/2003), som sørgde for nominasjon til Komiprisen 2003 og deretter revyen I tykt og tynt (2004/2005). Frå sommaren 2006 var dei i gong med showet Snusk, snadder og Gruff. «Enkeltindividets protestvise» frå det musikalske humorshowet Lene for President vart kåra til årets nummer under Komiprisen 2009.

I 2011 fekk Johansen sin eigen TV-serie, Kongsvik ungdomsskole, på TVNorge. Der spelte ho alle dei seks hovudrollene. Serien gav ho prisen som årets morosamaste under Komiprisen 2011. Våren 2013 sende TVNorge oppfølgjaren, Kongsvik videregåande, der nokre av dei same rollefigurane var med vidare og fleire nye dukka opp. For denne serien vart ho kåra til beste kvinnelege skodespelar under Gullruta 2013.[2] I tillegg vann ho prisen for beste kvinnelege artist (TV/Film/Nett) og årets morosamaste (Publikumsprisen) under Komiprisen 2013. Våren 2014 gjekk oppfølgjarserien Costa del Kongsvik på TVNorge. Denne gav ho prisen som årets kvinnelege TV-komikar og årets TV-produksjon under Komiprisen 2014. Same serie vart løna med prisen for beste humorprogram og beste manus under Gullruten 2014. I 2018 kom nok ein oppfølgjar, Kongsvikklinikken, og i 2019 Kongsvikfamiliene.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Professor Kongsvik» (på norsk bokmål). 1. august 2014. Henta 1. april 2020. 
  2. «Lene Kongsvik» (på norsk bokmål). Henta 19. oktober 2021. 

Bakgrunnsstoff endre