Praktisk-pedagogisk utdanning
Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) er ei eittårig vidareutdanning ved universitet og høgskular i Noreg som kvalifiserer for arbeid som lærar, adjunkt eller lektor i mellomtrinnet til barneskulen, ungdomsskule eller vidaregåande skule. Utdanninga baserer seg på tidlegare utdanning i minst tre år som inkluderer minst eitt skulefag på 60 studiepoeng eller meir. Ein kan òg søkja opptak basert på yrkesutdanning.
Studiet inneheld både undervising i generelle pedagogiske emne og fagdidaktikk i eit eller fleire skulefag. Praksis i 12-14 veker ved ein skule er ein obligatorisk del av studiet.
Om ein ikkje har allmennlærarutdanning eller tilsvarande er det eit krav om PPU for å få fast tilsetning i undervisingsstilling ved norske skular. Tidlegare vart utdanninga kalla pedagogisk seminar (ped.sem.) og varte då berre eit halvt år.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Praktisk-pedagogisk utdanning» frå Wikipedia på bokmål, den 26. januar 2018.
Bakgrunnsstoff
endre- PPU ved UiO
- PPU for yrkesfag ved Høgskulen i Oslo og Akershus Arkivert 2014-02-25 ved Wayback Machine.
- PPU ved NTNU Arkivert 2007-02-08 ved Wayback Machine.
- Forskrift til opplæringsloven, Kapittel 14. Krav til kompetanse ved tilsetning i undervisingsstilling [1]
- Forskrift til rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning