Lenestol er ein type stol med armlene og rygg med fokus på god sitjekomfort, og har ofte ein rygg som kan vippast bakover slik at personen kan leggja seg tilbake for å slappa av eller sova.[1] Mange lenestolar har og ei innebygd forkvile som kan hevast. På nokre stolar må ein betena ein spak eller liknande for å justera, medan andre blir justerte automatisk når ein til dømes legg tyngdepunktet bakover eller pressar ryggen bakover i stolen.

Lenestol utforma av George Jakob Hunzinger etter 1866.
Lenestol med svingmekanisme.
Tilbakelent lenestol med innebygd fotkvile på eit fly

Historie

endre

På 1800-talet blei det utvikla ei rekkje nye møblar som ein kunne slå saman eller ut på finurlege måtar. Desse verkemåtane blei det gjerne tatt patent på, og møblane var ofte kjent som «patentmøblar». Møblane kunne nyttast av folk som reiste mykje, til dømes i militæret eller som del av ei danningsreise, eller i samband med sjukdom. William Pocock er eit tidleg døme på ein møbelsnikkar som selte denne typen møblar tidleg på 1800-talet, med mellom anna ein «Reclining Patent Chair» som hadde justerbar ryggstøtte og ein fotskammel ein kunne utvida.[2][3]

Variantar

endre

Nokre avanserte lenestolar har også justerbar nakkestøtte, krossryggstøtte for å maksimera komforten og ein uavhengig fotskammel som brukaren kan justera med beinet. Andre funksjonar kan inkludera varme, massasje og vibrasjon. Nokre modellar er utforma for rullestolbrukarar.

Wall hugger-lenestolar

endre
 
Lenestol som ikkje utvidar seg bakover (bilete frå premiumklasse på ein japansk buss).

Ein «wall hugger»-lenestol skil seg frå vanlege lenestolar ved at han berre blir vippa framover (ut frå veggen). Dette er ein spesiell type lenestol som kan brukast i leilegheiter for å spara plass, eller på buss, fly og liknande for å ikkje forstyrra dei som sit bak.

Ein kan oppnå denne funksjonen ved at det er ein glidemekanisme under setet som skyv den nedste halvdelen av stolen framover, slik at baksida av lenestolen aldri kjem nærare veggen bak, og dermed sikrar effektiv bruk av plass.

Løftestol

endre
 
Ein løftestol vippa framover.

Nokre lenestolar har ein løftemekanisme der setet blir heva og vippa framover slik at det blir enklare for brukaren å komma seg opp og ut av stolen. Desse blir kalla løftestol, og blir spesielt marknadsførte mot eldre og andre med nedsett rørsle.[4]

Soving

endre

Lenestolar gjer det mogleg å ha ei nær liggjande stilling for å sova, noko som gjer dei til kombinasjonsmøblar. Desse er vanlege i fly og tog, så vel som i bustader.

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  1. Linder, Mats (12. april 2022). «lenestol». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. «Pocock, William (1750–1825) | BIFMO», bifmo.furniturehistorysociety.org, henta 15. november 2024 
  3. «A Regency Period Reclining Armchair Designed and Made By William Pocock» (på engelsk). godsonandcoles.co.uk. Henta 15. november 2024. 
  4. «Riktig sitte- og hvilestilling for eldre | HEPRO AS | Aktiv og trygg i alle livets faser». HEPRO AS (på norsk bokmål). 15. mai 2022. Henta 5. desember 2022. 
  5. stressless (på norsk). 12. april 2022. 
  6. Ekornes (på norsk). 4. november 2022. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Lenestol