Leni Stenseth (fødd 17. februar 1969 i Trondheim) er ein norsk diplomat. Ho var den norske ambassadøren i Libanon i 2019–2020, og assisterande generalsekretær i SN og visegeneralkommissær for SNs hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar i Midtausten (UNRWA) 2020–2023.[1] I 2023 blei ho ekspedisjonssjef i Utanriksdepartementet, der ho leiar Avdeling for kompetanse og ressurser.[2]

Leni Stenseth
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. februar 1969 (55 år)
Yrke diplomat

Stenseth blei utdanna cand.polit. i statsvitskap med hovudoppgåve om kinesisk nasjonalisme og utanrikspolitikk ved Universitetet i Oslo i 1999, jobba nærmare eitt år som forskar ved Fafo og byrja i utanrikstenesta i 2000. Ho arbeidde i internasjonal avdeling i Norges Røde Kors frå 2008 til 2013, fyrst som programsjef og frå 2011 som leiar for avdelinga. Deretter vende ho tilbake til utanrikstenesta.[3]

Kjelder

endre