Lesley Duncan
britisk musikar og songar
Lesley Duncan, gift Lesley Cox, (12. august 1943–12. mars 2010) var ein engelsk songar og låtskrivar, mest kjend for arbeidet sitt i 1970-åra. Ho vart mykje spelt på britisk radio, men fekk aldri stor kommersiell suksess.
Lesley Duncan | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 12. august 1943 Stockton-on-Tees |
Død |
12. mars 2010 (66 år) |
Yrke | songar, songar-låtskrivar, studiomusiker, plateartist |
Språk | engelsk |
Ektefelle | Tony Cox |
Elton John song duett med ho på hennar eigen «Love Song», gjeven ut på albumet hans Tumbleweed Connection i 1970. Duncan song òg korvokal på Pink Floyd sitt The Dark Side of the Moon, og song solo på songen «If I Could Change Your Mind» på the Alan Parsons Project-albumet Eve. I 1960-åra var Duncan korvokalist for mellom andre Dusty Springfield og The Walker Brothers. Ho skreiv tre songar i lag med Scott Walker for Walker Brothers.
Diskografi
endre- 1969: Black Flower
- 1971: Sing Children Sing
- 1972: Earth Mother
- 1973: Reading Festival '73
- 1974: Everything Changes
- 1975: Moonbathing
- 1977: Maybe It's Lost
- 1980: Only You
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lesley Duncan» frå Wikipedia på engelsk, den 26. oktober 2011.
Bakgrunnsstoff
endre- Nettside
- Lesley Duncan ved The Internet Movie Database (IMDb)