Scott Walker (fødd 9. januar 1943 som Noel Scott Engel, daud 22. mars 2019)[1][2] var ein amerikansk-britisk songar og låtskrivar, komponist og plateprodusent. Han var kjend for den særeigne barytonstemma si (ein gong skildra som «ei av dei finaste stemmene nokon gong som syng om kjenslemessig smerte og det store ukjende»)[3] og for den uortodokse karriereretninga som tok han frå popikon i 1960-åra til eksperimentell musikar på 2000-talet.[3][4]

Scott Walker

Scott Walker (1968)
Fødd9. januar 1943(1943-01-09)
FødestadHamilton i Ohio
Død22. mars 2019 (76 år)
DødsstadLondon
FødenamnNoel Scott Engel
OpphavUSA, Storbritannia
Aktiv1958 til i dag
SjangerEksperimentell, pop, rock, country, kunstrock, barokkpop
InstrumentGitar, elektrisk bass, klaverinstrument, song
Stemmetypebaryton
PlateselskapPhilips/Fontana, Columbia, Drag City, Virgin, 4AD
Verka somsongar-låtskrivar, musikkprodusent, songar, komponist, gitarist, musikar

Han vart opphavleg kjend på midten av 1960-åra som frontmann i The Walker Brothers, som spelte popballadar med orkester, før han starta ein solokarriere som balanserte popballadar med stadig meir utførlege kunstnariske arrangement og låtskriving. Trass i ei rekkje kritikarroste album, selde platene dårleg, og han vart tvinga attende til standard popmusikk der han i langt mindre grad kunne påverke det kunstnariske resultatet. Dette førte etter kvart til ei gjenforeining med Walker Brothers i midten av 1970-åra, sjølv om dei då hadde gått inn i eit meir eksperimentelt musikalsk område.[3][4]

Sidan midten av 1980-åra tok Walker opp att solokarrieren sin og på drastisk vis fann han opp på ny dei kunstnariske metodane sine og måten han skreiv songar på med fleire kritikarroste og særs eksperimentelle album. Desse kombinerte den ikoniske vokalen hans, ein uroleg avantgarde tilnærmingsmåte som låg nærare modernistisk og postmodernistisk klassisk musikk enn popmusikken frå fortida hans. Denne endringa har vorte samanlikna med «Andy Williams finn opp seg sjølv som Stockhausen».[4]

Walker hadde ein aktiv karriere fram til han døydde og hadde i seinare år kontrakt med 4AD Records. Som plateprodusent eller gjesteartistar har han arbeidd med mange artistar som John Maus, Pulp og Bat For Lashes.

Trass i at Walker var amerikanar, har han stort sett hatt suksess frå Storbritannia, der dei første fire soloalbuma hans nådde Topp 10. Walker budde i Storbritannia sidan 1965 og vart britisk borgar i 1970.

Musikalsk karriere endre

Tidleg historie endre

Noel Scott Engel vart fødd i 1943, som son av ein oljeindustrileiar, som flytta med familien til Ohio, Texas, Colorado og New York. Scott og mora slo seg etter kvart ned i California i 1959. Scott var først ikkje særleg interessert i å bli songar, men var interessert i musikk og hadde vore barneskodespelar og barnesongar seint i 1950-åra. Han song fleire gonger i fjernsynsprogrammet til Eddie Fisher og spelte inn fleire songar, ein av dei kalla «Misery», og var ei kort stund marknadsført som tenåringsidol.[3][4]

Då han kom til Los Angeles hadde Scott alt endra både musikalsk smak og retning. Han var interessert i progressiv jazz av Stan Kenton og Bill Evans og kalla seg sjølv «ein kontinental, dresskledd, naturleg fiende til California-surfaren»[3] og ein tilhengjar av europeisk film (særleg Ingmar Bergman, Federico Fellini og Robert Bresson) og beat-diktarar. Han gjekk på kunstskule og fordjupa seg i interessa si for film og litteratur. Scott spelte bassgitar og var dyktig nok til at han fekk spele som studiomusikar i Los Angeles, sjølv om han framleis berre var tenåring.[3]

I 1961, etter å ha spelt med The Routers, møtte han gitaristen og songaren John Maus, som då alt hadde teke artistnamnet John Walker på eit falskt ID-kort, slik at han kunne komme inn på nattklubbar han ikkje var gamal nok for. Først skipa dei eit nytt band, Judy and the Gents, i lag med syster til Walker, Judy Maus, før dei slo seg saman med andre musikarar og turnerte som The Surfaris (men dei spelte ikkje på the Surfaris-platene). Tidleg i 1964 byrja Scott og John Walker å arbeide i lag som The Walker Brothers, og fekk seinare det året med seg trommeslagaren Gary Leeds. Faren til Leeds betalte den første reisa deira til Storbritannia.[5]

1964–1967: The Walker Brothers endre

For meir om dette emnet, sjå The Walker Brothers.

The Walker Brothers dyrka ein familievennleg utsjånad som flotte menn med skinande hår. Påverka av Maus tok kvar av medlemmane namnet «Walker» som artistnamn (Scott har nytta dette sidan, utanom ei kort stund då han gav ut det fjerde soloalbumet Scott 4). I starten var John gitarist og frontmann med Gary på trommer og Scott på bassgitar og hovudsakleg harmonivokal. Tidleg i 1965 spelte bandet på fjernsynsshowa Hollywood A Go-Go og Shindig og hadde spelt inn dei første songane sine i studio, men starten på suksessen kom først då dei reiste til andre sida av Atlanteren.[3]

Som studiotrommeslagar hadde Leeds nyleg turnert i Storbritannia med P.J. Proby og overtydde både John og Scott om at dei skulle prøve lukka med han i det britiske popmiljøet. The Walker Brothers kom til London tidleg i 1965. Den første singelen deira, «Pretty Girls Everywhere» (med John på solovokal) gjekk så vidt inn på salslista. Den neste singelen, «Love Her» – med den djupare barytonstemma til Scott på førstestemme – vart ein større hit. Leiarane i Philips, det britiske plateselskapet deira, merka seg amerikanarane og byrja å marknadsføre dei, og Scott erstatta John som frontmann.

Den neste utgjevinga til The Walker Brothers, «Make It Easy on Yourself», ein ballade av Bacharach/David, gjekk heilt til topps på UK Singles Chart (16. plass i USA) då han kom ut i august 1965. Etter ein ny hit med «My Ship Is Coming In» (3. plass i Storbritannia), kom den andre førsteplassen deira (13. plass i USA) med «The Sun Ain't Gonna Shine Anymore», som nådde toppen av lista tidleg i 1966 og i løpet av kort tid voks den offisielle fanklubben deira og vart større enn den offisielle fanklubben til The Beatles,[6] sjølv om dette ikkje indikerer at the Walker Brothers faktisk hadde fleire tilhengjarar enn Beatles. Uansett fekk bandet, og særleg Scott, stjernestatus.

Det var alltid vanskeleg å finne høvande songar. Lydmiksen til The Walker Brothers i 1960-åra nytta seg av «wall of sound»-teknikkane til Phil Spector med symfonisk orkestrering framført av dei fremste musikarane og arrangørane i Storbritannia. Scott var medprodusent på innspelingane til bandet gjennom denne perioden (i lag med produsenten Johnny Franz), og har sidan hevda i intervju at det var han som skapte lydbiletet. Mange av dei tidlege songane deira hadde ein drivande rytme, men på Images, det tredje albumet deira, dominerte balladane.

Images kom ut hadde John Walker fått mindre innverknad i The Walker Brothers og dette første til gnissingar mellom han og Scott. Scott syns på si side det var stadig vanskeleg å spele i gruppa – «Det var mykje press. Eg kom opp med alle songane for gutane, og eg måtte finne songar og få innspelingane saman. Alle var avhengig av meg, og det vart for mykje for meg. Eg vart berre irritert til slutt.»[4] Kunstnariske skilnader og stress på grunn av den enorme populariteten deira førte tila t The Walker Brothers vart oppløyst i 1967, sjølv om dei kom saman for ein kort turné i Japan året etter.

Dei siste to singlane til The Walker Brothers, «Stay With Me Baby» og «Walking in the Rain», slo mange tilhengjarar og kritikarar som retro, utdatert og eit steg attende til tidlegare pop. Dei nådde ikkje TOpp 10 og dette var utslagsgjevande for at Scott valde å legge ned gruppa.

1967–1974: Solo endre

For solokarrieren sin kasta Scott Walker av seg The Walker Brothers-kappa og arbeidde i ein stil ein kunne sjå glimt av på Images. I starten førte dette til at han heldt fram suksessen som bandet hadde hatt. Dei tre første albuma til Walker, kalla Scott (1967), Scott 2 (1968) og Scott 3 (1969), selde alle særs godt, og Scott 2 toppa den britiske albumlista.

I denne perioden kombinerte Walker den tidlegare tenåringsapellen med ei mørkare, meir idiosynkratisk tilnærming (som ein hadde sett hint av i songar som «Orpheus» på Images). Vokalstilen hans var den same som med Walker Brothers, men han trekte no ei fin linje mellom klassiske balladar, hittar frå Broadway og sine eigne songar, og tok òg med vågale innspelingar av Jacques Brel-songar (omsette av Mort Shuman, som òg skreiv musikalen Jacques Brel is Alive and Well and Living in Paris). Påverknaden frå Brel var viktig i låtskrivinga til Walker, som skreiv songar inspirerte av Brel og Léo Ferré i denne perioden[7] og han utforska europeiske musikalske røter med sine eigne amerikanske røynsler og nådde eit modnare nivå som plateartist.

Walker utvikla seg òg som produsent. I 1968 (under ein kort turné med Walker Brothers i Japan), produserte han ein singel med den japanske rockegruppa The Carnabeats, med John Walker på vokal.[8] Då han kom attende til Storbritannia, produserte han eit soloalbum for den musikalske leiaren og gitaristen i Walker Brothers, Terry Smith. I 1968 produserte Walker òg Ray Warleigh's First Album av jazzsaksofonisten Ray Warleigh. I følgje The Impossible Dream: The Story of Scott Walker and The Walker Brothers, vart «albumet til Warleigh spelt inn 13. desember og gjevne ut året etter, og hadde lite til felles med den meir esoteriske, progressive jazzen Scott likte på denne tida, og resultatet helte meir mot pynteleg muzak enn jazzfusion-retninga som var like rundt hjørnet.»[8] I 1968 produserte Scott Walker òg solosingelen til John Maus, «Woman».[8]

All merksemda som stjernelivet førte med seg sleit på Walker kjenslemessig. Han vart tilbaketrekt og noko distansert frå publikummet sitt. I 1968 kasta han seg ut i ein intens studie av moderne og klassisk musikk, mellom anna med ei reise til Quarr Abbey, eit kloster på Isle of Wight, for å studere gregoriansk song.[9] Hans eigne songar gjekk gradvis mot Lieder og klassisk musikk.

På toppen av stjernelivet i 1969 fekk Scott Walker sitt eige fjernsynsshow på BBC TV, Scott, med soloframføringar av Walker av balladar, storbandstandarar, Brel-songar og hans eigne songar. Opptak frå dette showet er særs sjeldne, sidan opptaka ikkje vart arkiverte. I nyare intervju har Walker indikert at då han spelte inn det tredje soloalbumet sitt, hadde ein nytingssjuk sjølvtilfredsheit krype inn i valet hans av songar. Det fjerde soloalbumet hans – Scott: Scott Walker Sings Songs from his TV Series – syner problema han hadde med å prøve å finne ein balanse mellom sine eigne songar og presset frå underhaldningsindustrien og manageren Maurice King, som å prøvde å skape ein ny Andy Williams eller Frank Sinatra.[3]

Etter å ha vorte skild frå King gav Walker ut det femte soloalbumet sitt, Scott 4, i 1969. Dette vart det første albumet hans med berre hans eigne songar. Standardane og Brel-songane var borte. Albumet gjekk ikkje inn på lista og vart sletta frå katalogen kort tid etter. Det har vorte spekulert i om avgjersla til Walker om å gje ut albumet under fødenamnet sitt Noel Scott Engel medverka til at det selde dårleg. Alle seinare utgåver av albumet er gjeve ut som Scott Walker.

Walker gjekk så inn i ein periode med sjølverklært kunstnarisk tilbakegang, og brukte dei neste fem åra på å lage plater «på rams, for å kome meg ut av kontrakten.»[3] og trøste seg sjølv med å drikke.[3][4] Det neste albumet hans 'Til the Band Comes In (1970) synte eit markant skilje mellom dei to sidene. Side A bestod av originale songar (hovudsakleg skrivne i lag med Ady Semel), medan B-sida berre bestod av coverversjonar. På dei neste albuma gav Walker ut fleire coverversjonar av populære filmsongar og flørta med country. The Moviegoer (1972), Any Day Now (1973), Stretch (1973) og We Had It All (1974) har ingen originale songar i det heile.

I dokumentaren frå 2006, Scott Walker: 30 Century Man, skildrar Walker denne tida som «dei tapte åra» hans når det gjaldt kreativitet. Han innrømde at han gav etter for presset rundt seg:

« Plateselskapet kalla meg inn på teppet etter Scott 4 mislukkast og sa eg måtte laga ei kommersiell plate for dei... og eg handla svikefullt etter det...eg prøvde å halde ut. Eg burde ha stoppa. Eg burde sagt, 'OK, gløym det' og gått derfrå. Men eg tenkte at om eg heldt ut å lagde desse dårlege albuma...så vil det gå bra til slutt om eg heldt ut lenge nok, men det gjorde ikkje det. Det gjekk frå dårleg til verre...[4] »

1975–1978: The Walker Brothers igjen endre

Kanskje for å verne kvarandre, kom The Walker Brothers saman att i 1975 og laga tre album i lag. Den første singelen deira, ein cover av Tom Rush-songen «No Regrets», frå albumet med same namn klatra til sjuandeplassen på UK Singles Chart. Albumet nådde derimot berre 49. plass på UK Albums Chart. Dei to singlane frå det neste albumet, Lines (tittelsporet, som Scott rekna som den beste singelen gruppa gav ut, og «We're All Alone») gjekk ikkje inn på lista og albumet gjorde det ikkje betre.

Då plateselskapet var i ferd med å kvitte seg med dei, samarbeidde Walker Brothers om eit album med originale songar som stod i sterk kontrast til dei country-aktige albuma dei gav ut i 1970-åra. Resultatet, Nite Flights, kom ut i 1978 der kvar av medlemmane skreiv og song sine eigne songar. Det opna med fire songar av Scott, to av Gary og fire av John. Dei fire songane til Scott – «Nite Flights», «The Electrician», «Shut Out» og «Fat Mama Kick» – var dei første originale songane hans sidan 'Til the Band Comes In og representerte dei første stega hans bort frå MOR-musikk-imaget, ein stil han hadde dyrka sidan det kommersielt mislukka Scott 4. Den særs mørke og uhyggelige stilen i songane hans, særleg «The Electrician», vart ein føregangar til retninga i den vidare solokarrieren hans.

Trass i gode meldingar frå kritikarane (særleg bidraga til Scott) selde Nite Flights like dårleg som Lines. Under turneen etter albumet konsentrerte bandet seg om gamle hittar og balladar, og ignorerte songane frå dei nye albuma sine. The Walker Brothers mista interessa i det vidare samarbeidet og dreiv igjen frå kvarandre, og Scott Walker gjekk inn i ein tre år lang pause.[3]

1981–1995: Ei ny solostemme (Climate of Hunter og Tilt) endre

I 1981 vart det igjen auka interesse for musikken til Scott Walker då samleplata Fire Escape in the Sky: The Godlike Genius of Scott Walker, med songar vald ut av Julian Cope, kom ut. Dette nådde 14. plass på UK Independent Chart.[10] Walker skreiv så ein langvarig platekontrakt med Virgin Records.

I 1984 gav Scott Walker ut det første soloalbumet sitt på ti år, Climate of Hunter. Albumet gjekk vidare i retninga med komplekse og skremmande songar som Walker hadde starta med på Nite Flights. Laus basert på 1980-tals rock (med gjesteartistar som Billy Ocean og Mark Knopfler), hadde han ei fragmentert og transeliknande tilnærming.[3] Mange av dei åtte songane mangla anten titlar eller lett identifiserbare melodiar, og den einaste lenkja til det tidlegare arbeidet hans var den klangfulle stemma til Walker. Som med Nite Flights vart Climate of Hunter møt med kritikarros, men låge salstal. Det var planar om ein turné, men dette kom aldri i gang. Det gjekk rykte om eit nytt album for Virgin med Brian Eno og Daniel Lanois som produsentar, men dette vart lagt på hylla på eit tidleg stadium. Kort tid etter vart Walker droppa frå selskapet.

Walker var resten av 80-talet borte frå musikken, og dukka berre opp i 1987 i ein reklame for Britvic (i lag med andre popikon frå 1960-åra).[3] Først i starten av 1990-åra kom han igjen i søkelyset då soloarbeidet hans og platene til Walker Brothers igjen vart trekt fram av kritikarane. I denne perioden vart dei første fire studioalbuma til Walker gjevne ut på CD for første gong og samlealbumet No Regrets – The Best of Scott Walker and The Walker Brothers 1965–1976 nådde fjerdeplassen på UK Albums Chart. Walker sjølv kom gradvis og forsiktig tilbake til musikken. I 1992 skreiv han og framførte i lag med Goran Bregovic singelen «Man From Reno» for filmen Toxic Affair. Med ein platekontrakt med Fontana Records byrja han arbeidet på eit nytt album. I mellomtida spelte David Bowie inn Scott-songen Nite Flights på albumet Black Tie White Noise, som òg inneheldt den Walker-inspirerte «You've Been Around».

Tilt kom ut i 1995 og tok arbeidemetodane han hadde brukt på Climate of Hunter til eit nytt nivå. Det har vorte skildra som «ein antistoffkollisjon av rock og moderne klassisk musikk»,[3] og som «Samuel BeckettLa Scala» og som «ubeskriveleg goldt og usigeleg trist .. vinden som dyttar dei gotiske katedralane av alle sine verste mareritt».[11] Det var meir medvite avantgarde enn føregangarane og Walker tredde no fram som ein fullvoksen moderne komponist.[4] Sjølv om Walker vart akkompagnert av fullt orkester igjen, vart han denne gongen òg akkompagnert av alarmerande perkusjon og industrieffektar, og sjølv om opningssporet «Farmer in the City» var eit melodisk stykke som der Walker nytta den kjende balladestemma si, er resten av stykka harskt, krevjande og eksperimentelt.

Tekstane omhandlar mellom anna livet og drapet på Pier Paolo Pasolini (og forholdet hans til Ninetto Davoli), hanekamp, den første golfkrigen, ei samansmelting av rettssakene til Adolf Eichmann og Karoline av Braunschweig, og ein mann som snakkar med liket av Che Guevara.[3] Det siste sporet på albumet, «Rosary» (med Walker på song og ein vill, uroleg elektrisk gitar) vart tolka i somme krinsar som ein musikalsk resignasjon.

1996–2005: Mellomtid (gjesteartist, songar for andre, Pola X) endre

I 1996 spelte Walker inn Bob Dylan-songen «I Threw It All Away» under rettleiing av Nick Cave for filmen To Have and to Hold. I 1998 spelte hann inn ein balladeversjon av David Arnold-songen «Only Myself to Blame» (for Bond-filmen The World Is Not Enough) og skreiv og produserte musikken til Léos Carax-filmen Pola X, som vart gjeven ut som eit album. I 1999 skreiv han og produserte to songar for Ute Lemper.

I 2000 var Walker kurator for den årlege musikkfestivalen Meltdown, som har ein tradisjon for å bruke kjendisar som kuratorar. Han spelte ikkje sjølv på Meltdown, men skreiv musikken for The Richard Alston Dance Project-stykket Thimblerigging. Året var han produsent på Pulp-albumet We Love Life i 2001 (songen «Bad Cover Version» var ein hånleg referanse til «den dårlege andresida av 'Til The Band Comes In»).

I oktober 2003 fekk Walker ein pris for bidraga sine til musikken av magasinet Q, presentert av Jarvis Cocker frå Pulp. Walker fekk ståande ovasjonar under presentasjonen. Prisen hadde bere vorte gjeven ut to gongar før, første gongen til Phil Spector, og den andre til Brian Eno. Plateboksen 5 Easy Pieces kom ut kort tid etter med fem temabaserte plater som dekka perioden til Walker med Walker Brothers, solokarrieren hans (inkludert filmmusikken hans) og dei to songane han skreiv for Ute Lemper.

Det britiske sjølvstendige selskapet 4AD Records signerte Walker tidleg i 2004.

2006 til i dag: The Drift, Bish Bosch og andre endre

Den 8. mai 2006 gav Scott Walker ut The Drift, det første albumet hans på 11 år. Albumet vart kritikarrost og oppnådde ein score på 85 på Metacritic,[12] og vart dermed eit av dei mest kritikarroste i 2006.

Både komposisjonane og atmosfæren på The Drift var eit framhald av den surrealistiske, truande, delvis abstrakte tilnærminga som han synte på Climate of Hunter og Tilt. Det består av rystande kontrastar mellom bråkete og stille seksjonar; instrumentering som minna om Tilt med rockeinstrument og eit stort orkester, men albumet interpolerte òg skremmande lydeffektar som skrytinga til eit esel, ei domenisk Donald Duck-etterlikning, og (under ei innspeling fanga på film) ein orkesterperkusjonist som slår ein død gris. Tekstane omhandlar tortur, sjukdom, forholdet og etter kvart døden til Mussolini og elskaren hans Clara Petacci, og ei samanblanding av 9/11-åtaka og eit mareritt av Elvis Presley og den døde tvillingbroren hans Jesse.[13][14]

I nyare intervju har Walker slappa meir av med mediamerksemda han får, og har uttrykt eit ønske om å spele inn album oftare enn han har gjort.

I juni 2006 gav Mojo og radio Scott Walker MOJO Icon Award. Prisen vart presentert av Phil Alexander.

Ein dokumentarfilm, Scott Walker: 30 Century Man, kom ut i 2006, regissert av Stephen Kijak (Cinemania og Never Met Picasso). I dokuementaren kan ein sjå intervju med David Bowie (produsent for filmen), Radiohead, Sting, Gavin Friday og mange musikarar som har vore knytt til Walker i løpet av åra. Verdspremieren av Scott Walker: 30 Century Man fann stad som ein del av den 50. London Film Festival.

Walker gav ut «Darkness» som ein del av Plague Songs, eit album med songar for prosjektet Margate Exodus, ei attforteljing av Andre mosebok, soga om Moses og utferda frå Egypt. Ti musikarar vart bestilte av Artangel til å skrive og spele inn ein song inspirert av ein av dei ti bibelske landeplagene. Walker si levandegjering av «Darkness» er den niande.

24. september 2007 gav Walker ut And Who Shall Go to the Ball? And What Shall Go to the Ball? som ei avgrensa plate. Det 24 minuttar lange instrumentalverket vart framført av London Sinfonietta med solocellisten Philip Sheppard som musikk til ei framføring av CandoCo Dance Company. Innspelinga er ikkje i dag mogeleg å få tak i.

Frå 13. til 15. november 2008 vart Drifting and Tilting: The Songs of Scott Walker sett opp på The Barbican i London. Stykket bestor av åtte songar, to frå Tilt – «Farmer in the City» og «Patriot (a single)» – og resten frå The Drift: «Cossacks Are», «Jesse», «Clara (Benito's Dream)», «Buzzers», «Jolson and Jones» og «Cue». Kvar song vart presentert på eit musikalaktig måge med vokalen sungen av fleire songarar, mellom andre Jarvis Cocker, Damon Albarn og Dot Allison.

Walker samarbeidde med Bat for Lashes på songen «The Big Sleep» i 2009 frå albumet hennar Two Suns.[15]

Walker skreiv musikken til ROH2-produksjonen av Jean Cocteau-skodespelet frå 1932, Duet for One, som vart sett opp i Linbury Studio i juni 2011.[16]

3. desember 2012 kom albumet Bish Bosch.[17]

Tilnærming til komponering endre

Scott Walker arbeidde første med å tolke andre sine songar, men utvikla seg som låtskrivar under den mest populære tida med The Walker Brothers og under det første soloalbumet hans i 1967. I eit intervju frå 1984 snakka han om kor vanskeleg det var å skrive songar: «Eg skrive ikkje songar for moroskuld. Eg kan berre skrive når eg må - som om eg har ein kontrakt, eller må gjere ferdig eit album.»[18]

Seint i 1960-åra og i 1970-åra var musikken til Walker relativt konvensjonell. På eit overflatisk nivå følgde han den melodiske orkesterpopmalen nytta av songarar som Frank Sinatra, Andy Williams og Jack Jones – mainstream-artistar som ein trudde han ville følgje i fotspora til. Viktige skilnader kom via meir eksperimentell orkestrering frå arrangørane hans (hovudsakleg Wally Stott, Peter Knight og Reg Guest) og i tekstane Walker skreiv, som invovlerte ein filmaktig iscenesetjing som ein gong vart skildra som «urolege noveller, gjort meir uhyggelege med den delikate orkesterbakgrunnen».[4] Etter kvart som solokarrieren hans utvikla seg byrja Walker å arbeide inn politiske tema i tekstane sine. Blant dei første av desse var «The Old Man's Back Again (Dedicated to the Neo-Stalinist Regime)» (frå Scott 4). Ytterlegare referansar kom via dramatiseringa hans av arbeidet til ein torturist frå CIA i «The Electrician» (Nite Flights)

Den neste kunstnariske utviklinga til Walker som låtskrivar kom då han kasta dei gjenverande konvensjonelle tekstane i lag med dei gjenverande sambanda til formelle popsongar (og easy listening-balladane han hadde vorte kjend for). New York Times skreiv om Walker at han hadde kome til «punktet der han nesten ikkje trengde melodi lenger. I staden for er det summande synthesizerar, store orkesterblokker med lyd, støy av ukjend opphav.»[13] Trass i ei radikal endring av metodane sine, har Walker sagt at han ikkje reknar seg sjølv som ein «komponist»: «Eg tenkjer på meg sjølv som ein låtskrivar, men eg er samd i at det kanskje ikkje er tradisjonelle songar. Eg veit kva folk tykkjer, men kva anna kan du kalle dei?»[4]

Walker har skildra den noverande tekstskrivingsteknikken (samle korte blokker med tekst med bilete som stundom ikkje ser ut til å ha noko samanheng) som «ein general, som samlar soldatane på slagmarka». The Wire merka seg at dei korte blokkene av kvit-på-svart-tekst i omslaget på The Drift syner til dette. Røtene til denne komposisjonsteknikken skal ha vore så tidleg som songane til Scott Walker på Nite Flights.[14]

Innverknad endre

Walker har halde fram å inspirere mange artistar, særleg The Last Shadow Puppets, Marc Almond, Douglas Pearce frå bandet Death in June, Billy MacKenzie frå The Associates, David Sylvian, Julian Cope, David Bowie, Perry Blake, Radiohead og Divine Comedy/Neil Hannon.

Diskografi endre

Kjelder endre

  1. «Overview: Scott Walker». allmusic. Henta 6. desember 2012. 
  2. Interview in Beat-Club, Radio Bremen, 26. April 1969
  3. 3,00 3,01 3,02 3,03 3,04 3,05 3,06 3,07 3,08 3,09 3,10 3,11 3,12 3,13 3,14 Harrison, Ian (2013), Splendid Isolation, Mojo Magazine, ISSN 1351-0193 
  4. 4,00 4,01 4,02 4,03 4,04 4,05 4,06 4,07 4,08 4,09 Hattenstone, Simon (6. desember 2012), Scott Walker: Brother beyond, The Guardian 
  5. Biography at official John Walker website
  6. Kijak, Stephen (Director). Scott Walker:30 Century Man. 
  7. Young, Rob (2013). Scott: The Collection 1967–1970, Universal.
  8. 8,0 8,1 8,2 Reynolds, Anthony (2009). The Impossible Dream: the Story of Scott Walker and the Walker Brothers (1 utg.). London: Jawbone Press. ISBN 978-1-906002-25-1. 
  9. «From Tennyson to Hendrix». Iowrock.demon.co.uk. Arkivert frå originalen 11. september 2012. Henta 28. oktober 2013. 
  10. Lazell, Barry (1998) Indie Hits 1980–1989, Cherry Red Books, ISBN 0-95172-069-4, s. 250
  11. Allmusic review of Tilt
  12. «Album Releases by Score (2006)». Metacritic. Henta 28. oktober 2013. 
  13. 13,0 13,1 Elvis Dreams of 9/11, a review from New York
  14. 14,0 14,1 «Interview with Scott Walker». The Wire. May 2006.  |access-date= requires |url= (hjelp)
  15. «gigwise.com, Bat For Lashes Duets With Scott Walker On Second Album». Gigwise.com. 9. januar 2009. Henta 28. oktober 2013. 
  16. «Alice falls down the rabbit hole at the Royal Opera House | The Official London Theatre Guide». Officiallondontheatre.co.uk. Henta 28. oktober 2013. 
  17. «Scott Walker». 4AD. Henta 28. oktober 2013. 
  18. Terrill, Terry (1984) "Scott Walker Take Two", Debut, Issue 2, s. 18

Bakgrunnsstoff endre