Leslie Djhone (fødd 18. mars 1981) er ein ivoriansk-fransk tidlegare friidrettsutøvar frå Abidjan. Han vann i 2003 VM-gull og i 2006 EM-gull i 4 x 400 meter stafett, dessutan tok han ein individuell bronsemedalje på 400 meter ved EM 2006.

Leslie Djhone


Leslie Djhone tv.

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 18. mars 1981 (43 år)
Abidjan
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004

Aktiv endre

Djhone, som vart fransk statsborgar i 1998, sprang fyrsteetappen for den franske laget som tok bronsen i 4 x 400 meter stafett i EM 2002. Under verdsmeisterskapen 2003 på fransk jord kom han på fjerdeplassen på 400 meter, tre hundredels sekund bakom bronsevinnaren. Fem dagar seinare ytte han sitt til at Frankrike kom i mål som nummer 2 på stafetten, ein prestasjon som året etter vart lønt med gullmedalje då det kom for ein dag at ein av USA sine løparar skulle ha vore stengt ute.

Dei neste åra kvalifiserte Djhone seg til finalen på 400 meter både under OL 2004 og OL 2008, EM 2006 og EM 2010, samt VM 2007 og VM 2009. Høgst opp på resultatlista kom han i Göteborg-EM 2006, der han tok bronsemedaljen på 400 m og vann gull på stafetten. Beste løpa gjorde han likevel i Osaka-VM 2007, då han i semifinalen sette fransk rekord med tida 44,46 sekund, før han i finalen vart femtemann på 44,59.

Våren 2011 sigra Djhone på 400 m ved innandørs-EM i Paris.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre