Marc Raquil (fødd 2. april 1977) er ein fransk tidlegare friidrettsutøvar frå Créteil som internasjonalt tevla på 400 meter. Han vart europameister på 400 m i 2006, og vann VM-gull 2003 og EM-gull 2006 med Frankrike i 4 x 400 meter stafett. I 2003 tok han også VM-sølv på 400 meter individuelt.

Marc Raquil


Statsborgarskap Frankrike
Fødd 2. april 1977 (47 år)
Créteil
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2000

Marc Raquil i 2006

Aktiv endre

Raquil kom på bronseplassen på 400 m ved innandørs-EM 2000 med tida 47,28. Eit halvår seinare var han på plass under dei olympiske sommarleikane i Sydney, der han rauk ut i kvartfinalane på 400 meter, men var med på det franske stafettlaget som vart nummer fire på 4 x 400 meter.

Etter å ha vorte utslegen or semifinalane på 400 meter i verdsmeisterskapen 2001, vart 2003 eit framifrå år for Raquil. Under verdsmeisterskapen gjorde han sitt livs løp på 400 meter, den personlege rekorden på 44,79 sekundar heldt til opphavleg til bronsemedalje, i 2009 omgjort til sølvmedalje, då det vart avslørt at vinnaren av løpet, Jerome Young frå USA, hadde vore dopa. Saman med Leslie Djhone, Naman Keïta og Stéphane Diagana vart Raquil tildelt sølv på 4 x 400 meter, men då det seinare viste seg at Calvin Harrison hadde vore dopa, vart USA diskvalifisert og dei franske løparane til verdsmeistrar.

Våren 2005 sprang Raquil på det franske laget som vann 4 x 400 m stafett ved innandørs-EM. Dei neste store prestasjonane til Raquil kom ved europameisterskapen 2006 i Göteborg. Han vart fyrst europameister på 400 meter med tida 45,02 sekundar. Sidan vart han gullmedaljør i 4 x 400 m stafett saman med Leslie Djhone, Idrissa M'barke og Naman Keïta. Raquil sprang då den siste etappen for Frankrike, og fekk til fulle vist sin eminent avslutningseigenskap ved å «parkere» Polen og Storbritannia sine løparar på oppløpssida.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre