Let 3

kroatisk band

Let 3 (kroatisk for ‘flyging 3’) er eit rockeband frå Rijeka i Kroatia, etablert i 1987. Frontfigurane i bandet er Damir «Mrle» Martinović og Zoran «Prlja» Prodanović. Bandet er populært i Kroatia og i fleire andre av dei tidlegare jugoslaviske landa. Populariteten skuldast i stor grad av rockestilen til bandet og dei sjokkerande og provokative framsyningar deira, som ofte inneber mykje nakenskap.[1] Bandet vann i februar 2023 den kroatiske songtevlinga Dora og representerte Kroatia i Eurovision Song Contest 2023 med songen «Mama ŠČ!».

Let 3

Aktiv1987–
Sjangeralternativ rock, shock rock
PrisarQ12638026

Bakgrunn

endre
 
Let 3 på scena under Eurovision Song Contest i Liverpool i 2023.

Let 3 har røter tilbake til slutten av 1970-åra, då rockemusikarane Damir Martinović (Mrle) og Zoran Prodanović (Prlja) spelte i kvart sitt rockeband. I februar 1986 slo dei seg saman og danna gruppa Let 2, før dei tidleg året etter etablerte etterfølgjaren Let 3 og gav ut EP-en Rijeka – Pariz –Texas.

Sidan i 1987 har Let 3 endra medlemmar ei rekkje gongar, og dei har gjort seg merka med ustyrlege framsyningar og sjokkerande og provokative tekster og utgjevingar. Bandet har skapt overskrifter og debatt i Kroatia og ellers på Balkan med seksualiserte tekster og konsertframsyningar der medlemmane opptrer nærast nakne.

I 1997 gav bandet ut albumet Nečuveno (‘opprørande’ eller ‘uhøyrd’), som blei distribuert som ein CD utan innhald.[2] Trass dette, blei det selt 350 eksemplar av albumet.[3] Det neste albumet, Jedina (‘den einaste’) frå 2000, blei fyrst gjeve ut i berre eit eksemplar som bandet nekta å distribuere eller selje. Til slutt vedtok plateselskapet å gje ut albumet i ein noko endra versjon. Dette gjorde at bandet i protest iscenesette ei falsk avnretting av seg sjølv på Ban Jelačić-plassen i Zagreb.[2][3] Sidan har bandet skapt ei rekkje andre kontroversar og overskrifter.

Den 9. desember 2022 blei Let 3 kunngjort som ein av deltakarane i Dora 2023, ei musikktevling som kårar det kroatiske bidraget til Eurovision Song Contest 2023. Dei vann finalen laurdag 11. februar 2023 med songen «Mama ŠČ!» og fekk dermed representere Kroatia i Eurovision Song Contest i Liverpool.[4][5] Der enda de på 13. plass i finalen.[6]

Medlemmar

endre

Let 3 har hatt regelmessige endringar i besetninga si sidan etableringa i 1987. Per 2023 består bandet av:

  • Damir Martinović (Mrle) – bass, lydeffekter, vokal
  • Zoran Prodanović (Prlja) – vokal
  • Ivan Bojčić (Bin) – trommer
  • Dražen Baljak (Baljak) – gitar, mandolin
  • Matej Zec (Knki) – gitar, støttevokal

Tidlegare bandmedlemmar:

endre
  • Branko Kovačić (Husta) – trommer, slagverk
  • Kornelije Đuras (Korni) – keyboard, sampling
  • Ivan Šarar (Faf) – keyboard, programmering, sampling
  • Ivica Dražić (Miki) – gitar, vokal
  • Nenad Tubin – drums, vokal
  • Igor Perović (Gigi) – gitar
  • Zoran Klasić (Klas) – gitar, vokal
  • Orijen Modrušan – gitar
  • Alen Tibljaš – trommer
  • Marko Bradaschia – trommer
  • Dean Benzia – trommer
  • Siniša Banović – trommer
  • Ljubomir Silić – bass
  • Raoul Varljen – keyboard

Diskografi

endre

Album

endre
  1. 1989: Two dogs fuckin'
  2. 1991: El Desperado
  3. 1994: Peace
  4. 1996: Živi kurac
  5. 1997: Nečuveno
  6. 2000: Jedina
  7. 2005: Bombardiranje Srbije i Čačka
  8. 2008: Živa Pičk
  9. 2013: Kurcem do vjere/Thank you lord
  10. 2016: Angela Merkel sere (Norsk: Angela Merkel-pissprat)

Kjelder

endre
  1. Peddie, Ian; Rajko Muršič. Popular Music and Human Rights; Vol. II. Yugoslav and Post-Yugoslav Encounters with Popular Music and Human Rights (Ashgate Publishing). s. 102. ISBN 9780754668534. «The Croatian band Let 3, for example, is well known for provoking outrage, including by sometimes performing nude on stage.» 
  2. 2,0 2,1 Rowlands, Marc. «Let 3: 'I went to high-school in Bakar and we beat each other onto the school bus. It was great.'». TimeOut. 
  3. 3,0 3,1 «LET 3: GLAZBENA AVANGARDA IZ RIJEKE; 'Mrle i ja smo ko guzica i gaće'». Nacional.hr. 
  4. Percy, Lucy (11. februar 2023). «Croatia: Let 3 win Dora 2023 and will sing “Mama SC!” at Eurovision». wiwibloggs (på engelsk). Henta 12. februar 2023. 
  5. «Let3 win 'Dora' in Croatia». eurovision.tv (på engelsk). 11. februar 2023. Henta 12. februar 2023. 
  6. «Let3». eurovision.tv (på engelsk). Henta 18. mai 2023.