Mama ŠČ!

song frå 2023 med Let 3
«Mama ŠČ!»
Song av Let 3

Land Kroatia
Språk Kroatia
Utgjeve 20. januar 2023
Sjanger Rock
Lengd 02:35
Selskap Dallas Records
Komponist Damir Martinović
Tekstforfattar Damir Martinović
Låtskrivar(ar) Damir Martinović, Zoran Prodanović

«Mama ŠČ!» (i tydinga mamma, hysj!) er ein song frå 2023 med det kroatiske sjokkrock-bandet Let 3. Songen er skriven av bandmedlemmane Damir Martinović og Zoran Prodanović, og songen blei gjeven ut 20. januar 2023 på Dallas Records. Songen vann den kroatiske songtevlinga Dora 2023 og var det kroatiske bidraget i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool i Storbritannia.

Om songen endre

«Mama ŠČ!» blei skriven av Let 3, eit kroatisk rockeband som er kjent for sine provokative tekster og sjokkerande konsertframsyningar.[1] Teksta til songen har fleire skjulte meiningar, og gjer narr av diktatorar og verdsleiarar. Tittelen kan vise til Russland, sidan «ŠČ» (norsk uttale sjtsj) kan vise til den kyrilliske bokstaven Щ. Tittelen kan difor tolkast som «Moder Russland». Ei av verselinjene lyder «mamma kjøpte ein traktor», noko som kan referere til då den russiske presidenten Vladimir Putin i 2022 fekk ein traktor i 70-årsgåve frå sin næraste allierte, den belarusiske presidenten Aleksandr Lukasjenko.[2][3] Ei anna verselinje lyder: «den vesle psykopaten, den vesle, gale psykopaten»,[2] utan at bandet har spesifisert kven eller kva dei siktar til. Songen har også fleire referansar til aktuelle tryggleikspolitiske hendingar.[4][5] I eit intervju med kroatiske medium uttalte bandet at «ŠČ» er henta frå «den fyrste bokstaven i det eldste alfabetet i verda», og at songen «sender eit bodskap til alle som trur planeten er leiketøyet deira, og som ynskjer å kontrollere alle som dokkar».[6][7]

Laurdag 11. februar 2023 vann «Mama ŠČ!» den kroatiske songtevlinga Dora 2023, den kroatiske uttakinga til Eurovision Song Contest.[8] Som vinnar blei songen det kroatiske bidraget til Eurovison Song Contest 2023. Tevlinga har strenge reglar mot politiske bodskap i tekster og bidrag, men arrangøren EBU godkjende bidraget for deltaking i Eurovision Song Contest.[9]

Kroatia deltok i den fyrste semifinalen tysdag 9. mai 2023. Der enda songen på ein åttandeplass og kvalifiserte seg til finalen laurdag 13. mai 2023. I finalen enda «Mama ŠČ!» på 13. plass av 26 bidrag.[10]

Listeplasseringar endre

Liste (2023) Høgaste
plassering
  Island (Plötutíðindi)[11] 37
  Kroatia (HR Top 40)[12] 1
  Litauen (AGATA)[13] 24

Kjelder endre

  1. «Outof the Box Let 3 to Represent Croatia at Eurovision 2023». www.total-croatia-news.com (på engelsk). Arkivert frå originalen 13. februar 2023. Henta 13. februar 2023. 
  2. 2,0 2,1 «Let3 - Mama ŠČ! lyrics + English translation». lyricstranslate.com (på engelsk). Henta 13. februar 2023. 
  3. «Ukraine war: Vladimir Putin gets a tractor for his 70th birthday». BBCNews (på engelsk). 7. oktober 2022. Henta 13. februar 2023. 
  4. Pazdrijan, Ela (7. februar 2023). «Let3: Možda su ljudi dobro prepoznali da naša pjesma govori o Putinu». N1 (på kroatisk). Henta 13. februar 2023. 
  5. «Jutarnjilist - Profesor pojasnio značenje pobjedničke pjesme Leta 3: Evo što je ŠČ, tko je majka, a što znači traktor!». www.jutarnji.hr (på kroatisk). 12. februar 2023. Henta 13. februar 2023. 
  6. Pazdrijan, Ela (7. februar 2023). «Let3: Možda su ljudi dobro prepoznali da naša pjesma govori o Putinu». N1 (på kroatisk). Henta 13. februar 2023. 
  7. «Outof the Box Let 3 to Represent Croatia at Eurovision 2023». www.total-croatia-news.com (på engelsk). Arkivert frå originalen 13. februar 2023. Henta 13. februar 2023. 
  8. «Let3 win 'Dora' in Croatia». eurovision.tv (på engelsk). 11. februar 2023. Henta 13. februar 2023. 
  9. Schaverien, Anna (27. mars 2021). «Eurovision Song Contest Disqualifies Belarus Over Political Lyrics». TheNew York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331. Henta 13. februar 2023. 
  10. «Let3». eurovision.tv (på engelsk). Henta 18. mai 2023. 
  11. «Tónlistinn– Lög» [The Music – Songs] (på islandsk). Plötutíðindi. Henta 21. mai 2023. 
  12. «HRTOP 40 uke 8 2023». TopLista (på kroatisk). HR. 26. februar 2023. Arkivert frå originalen 26. februar 2023. Henta 26. februar 2023. 
  13. «202320-os savaitės klausomiausi (Top 100)» (på litauisk). AGATA. 19. mai 2023. Henta 19. mai 2023.