Levende Skog
Levende Skog er eit samarbeidsprosjekt mellom skogbruk, skogindustri, fagrørsle, friluftslivsorganisasjonar og miljøvernorganisasjonar for å fremje eit berekraftig skogbruk med god balanse mellom skogproduksjon, miljøvern og sosiale interesser. Levende Skog-standarden vert nytta som grunnlag for miljøsertifisering av skogbruk i Noreg.
Partane bak Levende Skog etablerte den første standarden i 1998. Sidan er han revidert. Bak siste revisjon stod partane
- Fellesforbundet
- FRIFO
- Friluftsrådenes Landsforbund
- Norskog
- Sabima
- Statskog SF
- Treforedlingsindustriens bransjeforening
- Treindustrien
- WWF Noreg
Rådet for Levende skog bidreg til kommunikasjon mellom partane og tolking av avtalepunkta. Saker for rådet vert førebudd av eit partssamansett arbeidsutval med tre medlemmer og ein sekretær.
Bakgrunnsstoff
endre- Standard (PDF) Arkivert 2016-03-05 ved Wayback Machine.