Opna hovudmenyen

Levon Aronian (fødd 6. oktober 1982) er ein armensk sjakkspelar. På Verdssjakkforbundet FIDE si ratingliste per 1. april 2008 hadde han ein FIDE-rating på 2763, og var dermed rangert som verdas sjette beste sjakkspelar.

Levon Aronian

LevonAronian14a.jpg

Statsborgarskap Armenia
Fødd 6. oktober 1982
Jerevan
Idrett sjakk
Yrke sjakkspelar

I mars 2006 vann Aronian overraskande superturneringa i Linares.[1]

Han deltok også i 2006 for første gong i blindsjakk og hurtigsjakkturneringa Melody Amber som vart arrangert for 15. gang i tida 18.-30. mars 2006.[2]

I 1994 vart han verdsmeister for spelarar under 12 år, og i 2002 vann han verdsmeisterskapen for juniorar.

I desember 2005 vann Aronian over Ruslan Ponomarjov frå Ukraina i siste runde, og vann dermed Verdscupen i sjakk i Khanty-Mansijsk i Russland. Dette kvalifiserte han til kandidatturneringa for verdsmeisterskapen i sjakk i mai/juni 2007. Her møtte han i kvartfinalen Magnus Carlsen, som mot alle odds kapra den siste kvalifiseringsplassen i den same verdenscupen. Aronian vann kvartfinalen med 7-5 etter eit jamnt og spennande oppgjer.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra