Levon Patsjadzjan
Levon Patsjadzjan (fødd 20. september 1983 i Jerevan i Armenia) er ein armensk fotballspelar som har spela på midtbanen for Sanat Naft i den iranske fotballigaen, og for det armenske landslaget.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 20. september 1983 | ||
Fødestad | Jerevan | ||
Høgd | 171 cm | ||
Posisjon | Midtbanespelar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Sanat Naft | ||
Nummer | 10 | ||
Ungdomsklubbar | |||
2001-02 2002-03 |
Kotajk Abovjan Zvartnots-AAL | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2003-07 2008-09 2009 2009- |
Pjunik GAIS Fredrikstad (lån) Sanat Naft |
100 (37) 27 (2) 5 (0) 13 (3) | |
Landslag | |||
2003-05 2004- |
Armenia U21 Armenia |
12 (1) 36 (2) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 5. september 2010 ‡ Landslagsmål oppdatert 7. september 2010 |
Patsjadzjan vart seriemeister i Armenia med Pjunik i fem år på rad, frå 2003 til 2007. I 2007 vart han kåra til årets armenske fotballspelar. I 2008 gjekk han over til den svenske klubben GAIS, i Göteborg. I 2009-sesongen var han på lån hjå Fredrikstad i den norske Tippeligaen, der han spelte fem kampar. Same året sa GAIS opp kontrakten hans, og han drog til iransk fotball.
Patsjadzjan debuterte for A-landslaget 18. februar 2004 i ein privatlandskamp mot Ungarn. Han skåra det første landslagsmålet sitt 28. mai 2008 i ein privatlandskamp mot Moldova.