Lianar (frå fransk liane av lien, 'band') er slyngande og klatrande plantar som dannar ein vedaktig stengel. Nemninga «lian» viser til ein veksemåte, ikkje ei taksonomisk gruppe. Av og til skil skil ein mellom eigentlege lianar, som omfattar vekstar frå tropane, og eit vidare omgrep som omfattar alle forveda klatrevekstar.[1] Det finst over 3 000 plantar ein kan kalla lianar; av desse er over 2 000 tropiske.

Den tropiske lianen Bauhinia guianensis.
Vivendel er ein lianeplante i leddvedslekta.

Skildring endre

Lianar har ein tynn, ofte flat stengel som ikkje kan halda seg opprett av eiga kraft. For å nå opp til lyset klatrar dei i tre og på berg ved hjelp av eigne hefteorgan.

Det finst ulike typar av lianar. Dei enklast innretta er halvlianar som legg lange, tynne og ofte sterkt greina skot bortover andre planter og smuttar inn og ut mellom dei slik at dei kan danna nær ugjennomtrengelege buskas. Spanskrøyrpalme og andre klatrende palmar er døme på denne typen lian. Halvlianar bruker ofte tornar eller stive hår til å festa seg med.

Rotklatrarar kan ha klatrerøter som fester seg til det dei klatrar på med festehår og eit klebande stoff som dei skiljer ut. Eføy er eit døme på ein slik klatrar.

Mange lianar er slyngplantar som snor seg skrueforma rundt den opprette støtta dei klatrar opp. Dei held seg fast med ankeraktige klatrehår (som humleplanten), eller med andre middel. Rankeplantar har særmerkte klatreorgan som er pirrelege ved berøring, men elles av forskjellig natur.

I tropane har mange artar kortskot som er utvikla til faste haker eller krokar som planten hektar seg fast med, eller dei er urfjørranker, det vil seia rulla opp spiralforma i eit plan.

Nokre døme på lianar er klematistypar som skogranke, gullklematis, italiaklematis og tysk klematis, vinranker, ulike typar sjasmin og leddved, og i tropane mellom anna Entada gigas og Cissus hypoglauca.

Kjelder endre

  1. Carlquist, Gunnar: Svensk uppslagsbok. Bd 17, Svensk Uppslagsbok AB, Malmö 1937, s. 97-98. 
  • «Lianer» (12. mars 2012). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 19. juli 2015.