Light Years
Light Years Studioalbum av Kylie Minogue | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 25. september 2000 | |
Innspelt | 1999–2000 | |
Sjanger | Dansepop, synthpop, electropop, disco | |
Lengd | 58:16 | |
Selskap | Parlophone Capitol Records | |
Produsent | Johnny Douglas Mike Spencer Graham Stack Mark Taylor Guy Chambers Steve Power Julian Gallagher Richard Stannard Steve Anderson Mark Picchiotti | |
Kritikk | ||
---|---|---|
Kylie Minogue-kronologi | ||
Impossible Princess (1997) |
Light Years | Fever (2001)
|
Light Years er det sjuande studioalbumet av den australske songaren Kylie Minogue. Albumet vart gjeve ut den 25. september 2000 av Parlophone.
Albuminformasjon
endreAlbumet er i stor grad sett på som ein comeback av Kylie, som albumet der ho gjekk tilbake til pop og opp til toppen av hitlistene. Det er òg det første albumet hennar utgjeve på Parlophone. Albumet inneheld ferske dansepop-lydar med element av disco og house. Den første singelen «Spinning Around» vart skriven med den amerikanske songaren Paula Abdul, men vart gjeven til Minogue. Songen var ein fyrsteplass-hit i Australia og Storbritannia.
Albumet kom ut 22. september 2000 i Australia og New Zealand, og 25. september i Storbritannia og Europa etter singelen «Spinning Around». Det inneheld eit skjult spor, «Password», som er inkludert på pregap-porsjonen av CD-en i byrjinga av det første sporet. Dei tyske, spanske og japanske versjonane av albumet inneheld den opphavlege franske teksten på «Your Disco Needs You» omsett til dei respektive språka med «Password» som eit skjult spor.
Minogue promoterte albumet med den svært vellukka turnéen On a Night Like This Tour, som vitja Europa og Australia. På grunn av suksessen til albumet og turnéen vart ein spesialversjon utgjeven, som inneheld det opphavlege albumet og ein tilleggs-CD med fleire remiksar. Spesialversjonen til albumet kom ut 5. mars 2001.
Listeplasseringar og sal
endreI Australia debuterte albumet på andreplassen på ARIA Charts i oktober 2000 og nådde fyrsteplassen tre veker seinare. Det var det fyrste albumet til Minogue som nådde fyrsteplassen i heimlandet hennar. Det vart seinare sertifisert fire gonger platina av Australian Recording Industry Association for sal i overkant av 280 000 eksemplar.[1] Albumet nådde åttandeplassen i New Zealand der det oppheldt seg i fem veker på listene.[2] Det nådde andreplassen på UK Albums Chart i oktober 2000 og vart sertifisert platina av British Phonographic Industry i februar 2001 med sal av 300 000 eksemplar.[3] Albumet vart ein moderat suksess i andre stader og nådde sekstandeplassen i Ungarn, 24. plassen i Finland, 26. plassen i Sverige, 28. plassen i Sveits og 35. plassen i Tyskland.
Singlar
endre«Spinning Around» var utgjeven i juni 2000 som den første singelen frå albumet. Songen nådde fyrsteplassen i både Australia og Storbritannia. «On a Night Like This» vart utgjeven i september 2000. Singelen nådde fyrsteplassen på dei australske hitlistene og andreplassen på dei britiske hitlistene. Minogue spelte denne songen på Sommar-OL 2000 i Sydney.
«Kids» er ein duett med Robbie Williams og vart utgjeven i oktober 2000. Songen vart skriven av Williams og Guy Chambers, og vart gjeven ut som den tredje singelen frå albumet hennar, og den andre frå albumet Sing When You're Winning av Williams. Songen nådde andreplassen i Storbritannia og femteplassen i Australia. Ein annan versjon av Williams vart inkludert på albumet hans.
«Please Stay» vart utgjeven i desember 2000 og nådde niandeplassen i Storbritannia og femtandeplassen i Australia. Minogue framførte denne songen på det britiske musikkprogrammet Top of the Pops. «Your Disco Needs You» var ein annan song skriven av Robbie Williams og Guy Chambers for albumet. Songen vart ein hit då den vart gjeven ut som singel i Tyskland og Australia.
Sporliste
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Produsent(ar) | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Spinning Around» | Paula Abdul, Ira Shickman, Osborne Bingham, Kara DioGuardi | Mike Spencer | 3:27 |
2. | «On a Night Like This» | Steve Torch, Mark Taylor, Brian Rawling, Graham Stack | Stack, Taylor | 3:33 |
3. | «So Now Goodbye» | Kylie Minogue, Steve Anderson | Johnny Douglas | 3:37 |
4. | «Disco Down» | Douglas | Douglas | 3:54 |
5. | «Loveboat» | Minogue, Guy Chambers, Robbie Williams | Chambers, Steve Power | 4:11 |
6. | «Koocachoo» | Minogue, Douglas | Douglas | 4:00 |
7. | «Your Disco Needs You» | Minogue, Williams, Chambers | Chambers, Power | 3:33 |
8. | «Please Stay» | Minogue, Richard Stannard, Julian Gallagher, John Themis | Stannard, Gallagher | 4:08 |
9. | «Bittersweet Goodbye» | Minogue, Anderson | Anderson | 3:42 |
10. | «Butterfly» | Minogue, Anderson | Mark Picchiotti | 4:08 |
11. | «Under the Influence of Love» | Paul Politi, Barry Eugene White | Stannard, Gallagher | 3:24 |
12. | «I'm So High» | Minogue, Chambers, Megan Smith | Chambers, Power | 3:33 |
13. | «Kids» (feat. Robbie Williams) | Williams, Chambers | Chambers, Power | 4:20 |
14. | «Light Years» | Minogue, Stannard, Gallagher | Stannard, Gallagher | 4:48 |
Medverkande
endre
|
|
Topplisteplasseringar
endre
Vekentlege topplisteendre
|
Årsslutt topplisteendre
Tiårsslutt topplisteendre
|
Sertifiseringar
endreLand | Sertifisering | Sal |
---|---|---|
Australia (ARIA) | 4× Platina[16] | 280 000 |
Storbritannia (BPI) | Platina[17] | 300 000 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Light Years» frå Wikipedia på bokmål og «Light Years (Kylie Minogue album)» frå Wikipedia på engelsk, den 17. september 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Kylie Minogue – Light Years». Australian Recording Industry Association. Hung Medien. Henta 6. mars 2011.
- ↑ 2,0 2,1 «Kylie Minogue – Light Years». Recording Industry Association of New Zealand. Hung Medien. Henta 19. april 2009.
- ↑ 3,0 3,1 «Chart Stats – Kylie Minogue – Light Years». The Official Charts Company. Chart Stats. Henta 19. april 2009.
- ↑ «Kylie Minogue – Light Years». Ultratop. Hung Medien. Henta 8. april 2011.
- ↑ «Kylie Minogue – Light Years». MegaCharts. Hung Medien. Henta 8. april 2011.
- ↑ «Kylie Minogue – Light Years». IFPI Finland. Hung Medien. Henta 8. april 2011.
- ↑ «Kylie Minogue – Light Years». SNEP. Hung Medien. Henta 8. april 2011.
- ↑ «Chartverfolgung / Minogue, Kylie / Longplay». Media Control Charts. PhonoNet GmbH. Henta 11. juli 2010.
- ↑ «Top 40 album- és válogatáslemez-lista – 2000. 43. hét». Mahasz. Henta 3. desember 2009.
- ↑ «Top 75 Artist Album, Week Ending 28 September 2000». Irish Recorded Music Association. Chart Track. Henta 8. april 2011.
- ↑ «Kylie Minogue – Light Years». Sverigetopplistan. Hung Medien. Henta 8. april 2011.
- ↑ «Kylie Minogue – Light Years». Media Control Charts. Hung Medien. Henta 28. oktober 2009.
- ↑ «ARIA Charts – End Of Year Charts – Top 100 Albums 2000». ARIA Charts. Henta 11. januar 2011.
- ↑ «ARIA Charts – End Of Year Charts – Top 100 Albums 2001». ARIA Charts. Henta 11. januar 2011.
- ↑ «ARIA Chart Sales – ARIA End of Decade Albums/Top 100» (PDF). ARIA Charts. Henta 15. februar 2011.
- ↑ «ARIA Charts – Accreditations – 2001 Albums». Australian Recording Industry Association. Henta 8. april 2011.
- ↑ «Certified Awards Search». British Phonographic Industry. 9. february 2001. Henta 8. april 2011.