Fever av Kylie Minogue
Fever Studioalbum av Kylie Minogue | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1. oktober 2001 26. februar 2002 (USA) | |
Innspelt | 2001 | |
Sjanger | Dansepop, electropop, synthpop, disco | |
Lengd | 45:40 | |
Selskap | Parlophone Capitol Records | |
Produsent | Steve Anderson TommyD Cathy Dennis Rob Davis Pascal Gabriel Julian Gallagher Tom Nichols Mark Pichiotti Paul Statham | |
Kritikk | ||
---|---|---|
|
||
Kylie Minogue-kronologi | ||
Light Years (2000) |
Fever | Body Language (2003) |
Singlar frå Fever | ||
|
Fever er det åttande albumet av den australske songaren Kylie Minogue, utgjeven den 1. oktober 2001 i Australia og Storbritannia av Parlophone. Albumet vart seinare utgjeven i USA den 26. februar 2002 av Capitol Records.
Albuminformasjon
endreMinogue byrja å arbeide på albumet i 2001 med kjende låtskrivarar og produsentar som Cathy Dennis, Rob Davis og Tom Nichols. Albumet nådde førsteplass i Australia, Austerrike, Tyskland, Irland og Storbritannia. Minogue promoterte albumet på mange førestillingar inkludert turnéen KylieFever2002 og ein DVD av konserten filma i Manchester med tittelen KylieFever2002: Live in Manchester vart utgjeve den 18. november 2002.[1]
Fever vart utgjeven av Parlophone den 1. oktober 2001 i Australia, Storbritannia og andre europeiske land.[2][3] I USA vart albumet utgjeven av Capitol Records den 26. februar 2002.[4] Ein spesialversjon av albumet som inneheld eit ikkje utgjeve spor med tittelen «Whenever You Feel Like It» vart utgjeven den 19. november 2002.[5]
Listeplasseringar og sal
endreDen første singelen «Can't Get You Out of My Head» vart eit førsteplass-hit i fleire land. Albumet nådde førsteplass i Australia og på mange europeiske lister og har selt 1,9 millionar eksemplar i Storbritannia. Albumet har selt 8 millionar eksemplar på verdsbasis, noko som gjer det til hennar mestseljande album nokosinne. Det vart det mestseljande albumet hennar i Australia, USA, Canada og Russland. I USA vart albumet sertifisert platina frå Recording Industry Association of America og selde over 1,1 millionar eksemplar.
Albumet nådde fyrsteplass i Australia for fem veker,[3] og vart på den australske albumlistene for syttifire veker i alt, hennar høgaste og lengste albuma i landet. Albumet vart sertifisert sju gonger platina i Australia.[6] Albumet nådde nummer tre i New Zealand[7] og vart sertifisert to gonger platina i landet.[8] Albumet nådde òg fyrsteplass på UK Albums Chart for fire veker og vart der for sytti veker totalt.[9][10] Albumet nådde nummer tre på Billboard 200[11] og var det mest suksessfulle album til Minogue i USA.
Plateomslaget
endreDet er tre ulike versjonar av albumomslaget. Den opphavlege versjonen hadde Minogue iført kvite klede og haldande ein mikrofon. Denne versjonen vart distribuert i Australia, Asia, Europa og Latin-Amerika. Då albumet seinare vart utgjeve i USA og igjen i Asia, vart omslaget endra til ei framside som minner om «In Your Eyes». Dette omslaget er òg tilgjengeleg i Canada. Omslaget på spesialutgåva med ei ekstra plate liknar den opphavlege, men Minogue har her på seg ei blå drakt.
Singlar
endre- «Can't Get You Out of My Head» vart utgjeven i september 2001 i Europa og Australia. Han nådde førsteplass i Australia, Irland, Storbritannia og førti andre land bortsedd frå Finland.[12] I 2002 vart songen utgjeven i USA og nådde nummer sju på Billboard Hot 100.[13]
- «In Your Eyes» vart utgjeven i februar 2002. Han nådde topplassering i Australia,[14] medan han nådde nummer tre i Storbritannia og nummer seks i Irland. Denne singelen vart ikkje utgjeven i USA.
- «Love at First Sight» vart utgjeven i juni 2002. Han nådde nummer to i Storbritannia[15] og nummer tre i Australia.[16] Spora vart nominert til ein Grammy Award i 2003, etter å ha nådd førsteplassen på den amerikanske hitlista.
- «Come into My World» vart utgjeven i november 2002. Han nådde nummer fire i Australia,[17] nummer åtte i Storbritannia[18] og nummer elleve i Irland. Han nådde òg nummer 91 på Billboard Hot 100[13] og fekk ein Grammy Award i 2004.
Sporliste
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Produsent(ar) | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «More More More» | TommyD, Liz Winstanley | TommyD | 4:40 |
2. | «Love at First Sight» | Kylie Minogue, Richard Stannard, Julian Gallagher, Ash Howes, Martin Harrington | Stannard, Gallagher | 3:57 |
3. | «Can't Get You Out of My Head» | Cathy Dennis, Rob Davis | Dennis, Davis | 3:49 |
4. | «Fever» | Greg Fitzgerald, Tom Nichols | Fitzgerald | 3:30 |
5. | «Give It to Me» | Kylie Minogue, Mark Picchiotti, Steve Anderson | Picchiotti | 2:48 |
6. | «Fragile» | Rob Davis | Davis | 3:44 |
7. | «Come into My World» | Cathy Dennis, Rob Davis | Dennis, Davis | 4:30 |
8. | «In Your Eyes» | Kylie Minogue, Richard Stannard, Julian Gallagher, Ash Howes | Stannard, Gallagher | 3:18 |
9. | «Dancefloor» | Steve Anderson, Cathy Dennis | Anderson | 3:24 |
10. | «Love Affair» | Kylie Minogue, Richard Stannard, Julian Gallagher | Stannard, Gallagher | 3:47 |
11. | «Your Love» | Kylie Minogue, Pascal Gabriel, Paul Statham | Gabriel, Statham | 3:47 |
12. | «Burning Up» | Greg Fitzgerald, Tom Nichols | Fitzgerald, Nichols | 3:59 |
Medverkande
endre
|
|
Topplisteplasseringar
endre
Vekentlege topplisteendre
|
Årsslutt topplisteendre
Tiårsslutt topplisteendre
|
Sertifiseringar og sal
endreLand | Sertifisering | Estimert sal |
---|---|---|
Argentina (CAPIF) | Gull | 20.000 |
Australia (ARIA) | 7× Platina | 490.000 |
Austerrike (IFPI Austria) | Platina | 15.000 |
Belgia (BEA) | Gull | 25.000 |
Kanada (Music Canada) | 2× Platina | 200.000 |
Danmark (IFPI Denmark) | Gull | 25.000 |
Frankrike (SNEP) | Platina | 300.000 |
Tyskland (BVMI) | Platina | 30.000 |
Hellas (IFPI Greece) | Gull | 15.000 |
Ungarn (Mahasz) | Platina | 25.000 |
Nederland (NVPI) | Gull | 40.000 |
New Zealand (RMNZ) | 2× Platina | 30.000 |
Polen (ZPAV) | Gull | 50.000 |
Russland (NFPF) | Diamant | 60.000 |
Sverige (GLF) | Platina | 80.000 |
Sveits (IFPI Switzerland) | 2× Platina | 80.000 |
Storbritannia (BPI) | 5× Platina | 1.682.000 |
USA (RIAA) | Platina | 1.159.000 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Fever (Kylie Minogue album)» frå Wikipedia på engelsk, den 15. september 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Conrad, Jeremy (11. desember 2002). «Kylie – Fever 2002 – Live in Manchester». IGN. Ziff Davis Media. Henta 2. august 2013.
- ↑ «Kylie* – Fever». Discogs. Zink Media, Inc. Henta 31. juli 2013.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 «Kylie Minogue – Fever». Australian Recording Industry Association. Hung Medien. Henta 18. februar 2011.
- ↑ Daw, Robbie (27. februar 2012). «Kylie Minogue’s ‘Fever’ Turns 10: Backtracking». Idolator. Buzz Media. Henta 31. juli 2013.
- ↑ «Fever (Special Edition)». iTunes Store (UK). Apple Inc. Henta 31. juli 2013.
- ↑ «ARIA Charts – Accreditations – 2002 Albums». Australian Recording Industry Association. Henta 3. august 2013.
- ↑ 7,0 7,1 «Kylie Minogue – Fever». Recording Industry Association of New Zealand. Hung Medien. Henta 18. february 2011.
- ↑ «Top 50 Albums». RIANZ. 19. januar 2003. Henta 3. august 2013.
- ↑ 9,0 9,1 «2001 Top 40 Official UK Albums Archive». Official Charts Company. 13. oktober 2001. Henta 3. august 2013.
- ↑ «Kylie Minogue». Official Charts Company. Henta 3. august 2013.
- ↑ «Kylie Minogue- Chart History». Billboard. Prometheus Global Media. Henta 3. august 2013.
- ↑ «Kylie Minogue- Can't Get You Out Of My Head (Song)». Australian Charts. Hung Medien. Henta 22. juli 2013.
- ↑ 13,0 13,1 «Kylie Minogue- Chart History». Billboard. Prometheus Global Media. Henta 31. juli 2013.
- ↑ «Kylie Minogue - In Your Eyes (Song)». Australian Charts. Hung Medien. Henta 22. juli 2013.
- ↑ «2002 Top 40 Official UK Singles Archive». Official Charts Company. Henta 2. august 2013.
- ↑ «Kylie Minogue - Love at First Sight (Song)». Australian Charts. Hung Medien. Henta 22. juli 2013.
- ↑ «Kylie Minogue - Come Into My World (Song)». Australian Charts. Hung Medien. Henta 23. juli 2013.
- ↑ «2002 Top 40 Official UK Singles Archive». Official Charts Company. Henta 2. august 2013.
- ↑ «Kylie Minogue – Fever». IFPI Austria. Hung Medien. Henta 18. februar 2011.
- ↑ «Kylie Minogue – Fever». Ultratop (Flandern). Hung Medien. Henta 18. februar 2011.
- ↑ «Kylie Minogue – Fever». Ultratop (Vallonia). Hung Medien. Henta 18. februar 2011.
- ↑ «Canadian album certifications – Kylie Minogue – Fever». Music Canada. Henta 1. november 2013.
- ↑ «Kylie Minogue – Fever». IFPI Denmark. Hung Medien. Henta 18. februar 2011.
- ↑ «Kylie Minogue – Fever». MegaCharts. Hung Medien. Henta 18. februar 2011.
- ↑ «Kylie Minogue – Fever». Finnish Charts. Hung Medien. Henta 18. februar 2011.
- ↑ «Kylie Minogue – Fever». SNEP. Hung Medien. Henta 18. februar 2011.
- ↑ «Minogue, Kylie: Fever». Media Control Charts. PhonoNet GmbH. Henta 18. februar 2011.
- ↑ «Top 40 album- és válogatáslemez-lista – 2002. 4. hét». Mahasz. Henta 3. desember 2009.
- ↑ «Top 75 Artist Album, Week Ending 11 October 2001». Irish Recorded Music Association. Henta 18. februar 2011.
- ↑ «Kylie Minogue – Fever». Federation of the Italian Music Industry. Hung Medien. Henta 18. februar 2011.
- ↑ «フィーヴァー~スペシャル・エディション/カイリー・ミノーグ (Fever – Special Edition / Kylie Minogue)». Oricon. Henta 18. februar 2011.
- ↑ «Kylie Minogue – Fever». Verdens Gang. VG-lista. Hung Medien. Henta 18. februar 2011.
- ↑ «Oficjalna lista sprzedaży». OLiS. 24. desember 2001. Henta 18. februar 2011.
- ↑ «Kylie Minogue – Fever». Sverigetopplistan. Hung Medien. Henta 18. februar 2011.
- ↑ «Kylie Minogue – Fever». Media Control Charts. Hung Medien. Henta 18. februar 2011.
- ↑ «Kylie Minogue – Chart history: Billboard 200». Billboard. Prometheus Global Media. Henta 23. februar 2013.
- ↑ «ARIA Charts – End Of Year Charts – Top 100 Albums 2001». Australian Recording Industry Association. Henta 11. januar 2011.
- ↑ «Jahreshitparade 2001». International Federation of the Phonographic Industry. Hung Medien. Henta 19. februar 2011.
- ↑ «Årslista Album – År 2001». Sverigetopplistan. Henta 19. februar 2011.
- ↑ «Swiss Year-End Charts 2001». Schweizer Hitpatade. Hung Medien. Henta 19. februar 2011.
- ↑ 41,0 41,1 «Yearly Best Selling Albums» (PDF). British Phonographic Industry. Henta 26. august 2011.
- ↑ «ARIA Charts – End Of Year Charts – Top 100 Albums 2002». Australian Recording Industry Association. Henta 11. januar 2011.
- ↑ «Jaaroverzichten 2002». Ultratop (Flandern). Hung Medien. Henta 19. februar 2011.
- ↑ «Rapports Annuels 2002». Ultratop (Vallonia). Hung Medien. Henta 19. februar 2011.
- ↑ «Classement Albums – année 2002». SNEP. Henta 19. februar 2011.
- ↑ «Annual Top 50 Albums Chart 2002». Recording Industry Association of New Zealand. Henta 19. februar 2011.
- ↑ «2002 Year End Charts – Top Billboard 200 Albums». Billboard. Nielsen Business Media, Inc. 28. desember 2002. Henta 14. juli 2011.
- ↑ «ARIA Charts – End Of Year Charts – Top 100 Albums 2003». Australian Recording Industry Association. Henta 11. januar 2011.
- ↑ «ARIA Chart Sales – ARIA End of Decade Albums/Top 100» (PDF). Australian Recording Industry Association. Henta 15. februar 2011.