Ligurisk
- Sjå òg ligurisk i oldtida
Ligurisk er eit romansk språk tala i Liguria nord i Italia og langs Rivieraen, i Monaco og delar av Frankrike, og nokre stader på Korsika og Sardinia. Den viktigaste dialekten er zenéize eller genovesisk som blir tala i Genova, den største byen i Liguria.
Ligurisk Lìgure' | ||
Klassifisering | indoeuropeisk romansk galloromansk | |
Bruk | ||
Ligurisktalande i alt | 1,9 millionar (2000)[1] | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2 | roa | |
Wikipedia på ligurisk |
Ligurisk liknar meir på piemontesisk, lombardisk og fransk enn standard italiensk. Dei fleste talarane er fleirspråklege med italiensk som andrespråk.[1]
I Monaco talar ein den monegasiske dialekten (munegascu) som hadde få talarar på 1970-talet. Undervising i skulane gjorde at språket blei kjend for fleire.[1]
Dei liguriske dialektane på Sardinia blir kalla tabarchin. Han blir særleg tala i Carloforte på San Pietro og i Calasetta på Sant'Antioco.
Det er ikkje påvist nokon samanheng mellom moderne ligurisk og språket som blei tala i Liguria i oldtida.
Bakgrunnsstoff
endre- Dikt på ligurisk med spansk omsetjing
- Alfabet og ortografi for genovesisk
- Ordbøker til nedlsting for genovesisk og spansk eller engelsk
- GENOVÉS.com.ar (genuanska)(spanska)
- GENOVÉS.com.ar (English version) - Ligurian language & culture, literature, photos and resources to learn Ligurian (engelska)
- A Compagna (Genua) (italienska)
- Fonologia (italienska)
Kjelder
endre- Fotnotar
- Denne artikkelen bygger på «Liguriska (romanskt språk)» frå Wikipedia på svensk, og «Ligurian (Romance language)» frå Wikipedia på engelsk den 12. januar 2013.