Lilleakerbanen er ei trikkelinje som opna som forstadsbane på eigen trasé over Skøyen fram til Lilleaker i Oslo i 1919, og som no er ei trikkelinje for bytrikken i Oslo fram til Jar i Bærum kommune, der banen møter T-banens linje Kolsåsbanen. Her har trikken sams stasjon med T-banen, men eigne plattformar på grunn av ulik storleik på vognene. Frå Jar går trikken vidare på T-banelinja fram til Bekkestua i Bærum, der trikken har endestasjon på eigne sidespor på T-banestasjonen. Køyrestraumen, som er 750 volt likestraum, får trikken frå kontaktleidning over sporet, òg på den strekninga av T-banelinja der T-banetoga nytter straumskjene.

Trikk mot sentrum på Lilleaker haldeplass på Lilleakerbanen.
Ein trikk på Lilleakerbanen på haldeplassen på Jar på veg inn mot Oslo sentrum over Lilleakerbanen før Kolsåsbanen vart T-baneline. Trikken er to motorvogner, såkalla «gullfiskar», samankopla i tog. Attom står ei av dei tidlegare blåmåla vognene som gjekk i trafikk på den dåverande Kolsåsbanen mellom Kolsås og Nationaltheatret stasjon.
Lilleakerbanen i 1920.
Haldeplassen for trikken på Jar, med spor og plattformar skilde frå spora og plattformane på T-banelina på haldeplassen. Plattformane for T-banetoga ligg i framgrunnen, og er ikkje kome med på fotografiet.

Soga endre

Lilleakerbanen var opphavleg ei dobbeltspora linje i nettet til Kristiania Elektriske Sporvei (Blåtrikken), og vart trafikkert med toaksla og moderniserte bytrikkar etter at banen var opna til Lilleaker i 1919. I 1924 vart banen lengd innover i Bærum, fyrst til Bekkestua, deretter til Avløs, der det vart bygd vognhall og verkstad, og i 1930 var banen lengd heilt til Kolsås, men berre som enkeltspora linje. På 1930-talet var denne strekninga gjort dobbeltspora fram til Valler, og fram til Kolsås i 1941.

Lilleakerbanen vart halden utanfor samanslåinga som fylgde av at Oslo kommune i 1924 gjorde gjeldande sin rett til å løyse inn sporvegsselskapa Kristiania Elektriske Sporvei og Kristiania Sporveisselskab (Grønntrikken) og skipa AS Kristiania Sporveier, og selskapet som dreiv Lilleakerbanen fekk namnet Bærumsbanen.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Lilleakerbanen