Lilleputthammer

Lilleputthammer er ein familiepark som ligg like ved Europaveg 6 i Øyer kommune, 20 km nord for Lillehammer. Sentralt i parken er ein miniatyrpark som er ein kopi av Storgata i Lillehammer slik ho såg ut tidleg på 1900-talet. Miniatyren er bygd i målestokk 1:4. Sidan har parken gått gjennom ei rekkje utvidingar og fornyingar.

Frå Lilleputthammer.

Parken blei laga til av Kjell og Hjørdis Madsen, og opna 29.juni 1983 av stortingspresidenten Oddvar Nordli. Han blei kjøpt av Viking Gruppen AS (no Welle Gruppen AS) i 1996 saman med Øyer Gjestegård. Føretaket tok over drifta av Lilleputthammer i 2006. I 2007 blei parken utvida med nye attraksjonar, som parisarhjul, berg- og dalbane og bompebåtar. I tillegg blei miniatyrhusa pussa opp. Året etter blei det lagt til fleire nye attraksjonar - karusell, klatretårn og oldefarsbilar.[1]

Det er også ein Barnas Bokby i parken med brukte barnebøker, og det er blitt halde jamlege opplesingar og underhaldninsførestillingar her.[1]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «Informasjon om Lilleputthammer familiepark i Hafjell som ligger i Lillehammer regionen.», www.lilleputthammer.no, henta 5. juli 2021 

BakgrunnsstoffEndra