Lilly Reich (16. juni 188514. desember 1947) var ein tysk formgjevar innan modernismen.

Lilly Reich

Statsborgarskap Tyskland
Fødd 16. juni 1885
Berlin
Død

14. desember 1947 (62 år)
Berlin

Yrke designar, arkitekt, interiørarkitekt
Språk tysk
Medlem av Deutscher Werkbund, Bauhaus
Lilly Reich på Commons

Liv og virke

endre

Reich var fødd i Berlin, og byrja karrieren sin i tekstilindustrien. I 1908 flytta ho til Wien, der ho møtte møbeldesignaren Josef Hoffmann og dei starta eit samarbeid. I 1914 starta ho sitt eige designstudio og i 1920 blei ho, som fyrste kvinne, utnemnd til president i kunsthandverkarsamkipnaden Deutscher Werkbund. I samband med denne oppdraget møtte Reich arkitekten Ludwig Mies van der Rohe. Dei innleidde eit forhold, og byrja samstundes eit samarbeid før verdsutstillinga i Barcelona i 1929. Saman designa dei innreiinga til den tyske paviljongen, og året etter interiøret til Villa Tugendhat (som Mies sjølv hadde teikna). I samband med desse prosjekta blei designklassikarar som Barcelona-stolen, Brnostolen og Tugendhatstolen utvikla.

 
Interiør frå Villa Tugendhat.

I 1938 utvandra Mies til USA, medan Reich valde å bli verande i Tyskland. Der heldt ho fram med å verka fram til ho døydde i 1947.

Lilly Reich er representert i samlingane til Museum of Modern Arts.[1]

Kjelder

endre
  1. «Lilly Reich». Museum of Modern Art, moma.org. Henta 17 mars 2024.