Lima-regionen er ein av 24 regionar i Peru. Regionen ligg sentralt i landet med kystlinje mot Stillehavet og har Huacho som regionhovudstad. Regionen omkrinsar Lima-provinsen i vest, provinsen som svarar geografisk til byen Lima.

Lima-regionen
region
Land Flag of Peru.svg Peru

Lima-regionen
12° S 77° W
Mapa Región Lima.png
Wikimedia Commons: Lima Region

Lima-regionen er på 32 129 km² og har 780 881 innbyggjarar (2005).

GeografiEndra

Lima-regionen har grenser mot Ancash-regionen i nord, mot Huánuco, Pasco og Junín i aust og mot Huancavelica i søraust. Regionen har både ei kystsone og ei fjellsone med stort mangfald i landskapet.

Costa eller Chala ligg frå 0 til 500 meter over havnivået medan Janca eller Cordillera går over 4800 moh. Dei største områda er Yunga (500 til 2300 moh.) og Quechua (2300 til 3500 moh).

Politisk inndelingEndra

Regionen er delt inn i 9 provinsar som igjen er delt inn i til saman 128 distrikt. Liste av namn på provinsane med provinshovudstadnamn i parentes:

  1. Barranca (Barranca)
  2. Cajatambo (Cajatambo)
  3. Cañete (San Vicente de Cañete)
  4. Canta (Canta)
  5. Huaral (Huaral)
  6. Huarochirí (Matucana)
  7. Huaura (Huacho)
  8. Oyon (Oyon)
  9. Yauyos (Yauyos)

KjelderEndra