Linda Gytri
Linda Gytri (f. 1980 ) er ein norsk folkemusikar frå Oldedalen i Stryn i Nordfjord i Sogn og Fjordane. Ho spelar trekkspel, og komponerer eigne låtar. Ho er utdanna utøvande musikar frå Høgskulen i Telemark, avd. Rauland (Raulandsakademiet), og frå Ole Bull Akademiet. Dessutan var ho eit år som utvekslingsstudent ved Sibeliusakademiet i Helsingfors i Finland. I 2010 avslutta ho ein mastergrad i tradisjonskunst hjå Raulandsakademiet. På debutplata Umbra (2012) finn ein utelukkande Gytri sine eigne komposisjonar, framført på solo trekkspel. 27. februar 2015 sleppte ho Audire, for fyrste gong med eigen trio. Med i Linda Gytri Trio er, forutan Gytri sjølv på trekkspel, den finske musikaren Timo Alakotila på piano, og telemarkingen Anders Bitustøyl på kontrabass.
Linda Gytri | |||
Fødd | 1980 (44 år) | ||
---|---|---|---|
Verka som | trekkspiller |
Diskografi
endre- Umbra (Lærdal Musikkproduksjon, 2012)
- Audire (Linda Gytri Trio) (Lærdal Musikkproduksjon, 2015)
Bakgrunnsstoff
endre- Linda Gytri heimeside Arkivert 2014-02-22 ved Wayback Machine.
- Linda Gytri si masteroppgåve frå Raulandsakademiet Arkivert 2014-02-21 ved Wayback Machine.