Lindau er ei øy og ein by i den austlege delen av Bodensjøen i Tyskland. Ho ligg i den tyske delstaten Bayern, og er hovudstad i landkreis Linadau. Den historiske byen Lindau ligg på den litle øya med same namn, og ho er forbunde til fastlandet via ei bru og ein jernbanefylling.

Lindau
Inngangen til hamna på Lindau.
Inngangen til hamna på Lindau.
Geografi
Stad Bodensjøen
Koordinatar 47°32′N 09°41′E / 47.533°N 9.683°E / 47.533; 9.683

Areal 0,68 (byen 33,18) km²

Administrasjon
Land Tyskland
Delstat
Region
Bayern
Schwaben

Demografi
Folketal 24 426 (2005)
Folketettleik 736 /km²

Historie endre

Det er funne restar etter ein tidleg romersk busetnad frå det første århundret i området. Namnet Lindau vart først nemnd av ein munk i St. Gallen i eit dokument i 882, som sa at Grev Adalbert von Rätien hadde grunnlagd eit nonnekloster på øya.

I 1180 vart kyrkja St. Stephan grunnlagd, og i 1224 grunnla fransiskanarar eit kloster på øya. I 1274/75 vart Lindau ein fri keisarby under kong Rudolf I. I 1528 aksepterte Lindau den protestantiske reformasjonen. Etter trettiårskrigen i 1655 vart den første Lindauer Kinderfest (barnefestival) halde til minne om krigen.

Etter oppløysinga av Det tysk-romerske riket mista Lindau statusen sin som fri keisar by i 1802. Byen kom inn under Karl August von Bretzenheim, som gav byen og klosteret til Kongeriket Austerrike i 1804. I 1805 gav Austerrike byen til Bayern.

I 1853 vart jernbanedemningen bygd ut til øya, og tre år seinare vart det bygd ei ny hamn med dei karakteristiske landemerkene som fyret og løveskulpturane.

I 1922 vart dei sjølvstendige landkreisane Aeschach, Hoyren og Reutin ein del av byen. Etter den andre verdskrigen var byen under fransk administrasjon, og i 1955 vart Lindau returnert til Bayern.

I dag ligg Lindau nær dei tre grensene mellom Austerrike, Tyskland og Sveits. Han ligg nedanfor fjellet Pfänder i Alpane. På grunn av det historiske sentrumet frå mellomalderen og den vakre plasseringa i Bodensjøen, er Lindau ein populær turiststad. Kvart år møtes nobelprisvinnarar og ein kongress innan medisin vert halde i byen. Ein annan attraksjon er kasinoet som er eigd av delstaten Bayern.

Kjelder endre