Anders Bardal (fødd 24. august 1982) er ein norsk skihoppar som representerer Steinkjer Skiklubb. Han vann verdscupen i skihopping 2012, der han gjennom sesongen gjekk til topps i tre enkeltrenn. Hans fyrste siger i verdscupen kom i januar 2008. Bardal ha vunne seks noregsmeisterskap: han tok dobbelt NM-gull i 2002, noregsmeister på ny vart han i normalbakken i 2008, i storbakken 2009, i normalbakken 2011 og storbakken 2012. Han har elles vunne fem sølvmedaljar i laghopp under ulike ski-VM og skiflygings-VM, dessutan to bronsemedaljar i same øvinga under skiflygings-VM og vinter-OL, alle sju medaljane i tida frå 2008 til 2011.

Anders Bardal


Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. august 1982 (41 år)
Levanger kommune
Idrett skihopping
Tok del i

Vinter-OL 2002, Skihopping under Vinter-OL 2014 – Normalbakke menn, Skihopp under Vinter-OL 2010 – Lag

Utmerkingar

Olavstatuetten

Karriere endre

Bardal debuterte i verdscupen i Willingen i februar 2001, og deltok i OL i Salt Lake City i vinter-OL 2002. Etter han vann begge NM-tevlingane i 2002 kom fleire sesongar der han fekk få sjansar i verdscupen. Han deltok i staden i Kontinentalcupen, der han noterte seg for 13 enkeltsigrar og som han i 2006 vann samanlagd.

Fyrst i 2007-sesongen byrja Bardal å gjere seg gjeldande i verdscupen. Han vart då nummer 16 samanlagt. Sesongen etter slo han seg inn i verdseliten, mellom anna med sin fyrste verdscupsiger i Zakopane i januar 2008. I verdscupen samanlagd vart han nummer fem. Dei neste to sesongane hamna han lengre nede på resultatlistene i internasjonale renn, særleg mislukkast han i OL-sesongen 2010. Gjennom VM-sesongen 2011 var han eit sikkert kort mellom Noregs beste skihopparar, og var med på begge dei norske laga som vann sølvmedaljar i lagtevlingane.

Gjennom det meste av 2012-sesongen hoppa Bardal stabilt godt og prega toppen av resultatlistene i verdscupen, med eit lite unnatak for slutten av sesongen. Sidan ingen annan skihoppar hoppa jamt godt gjennom heile sesongen, sigra han i verdscupen 2012 med 1 325 poeng mot toaren Gregor Schlierenzauer sine 1 267 poeng.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap endre

  • 2002: Nr 15 i VM i skiflyging i Harrachov
  • 2007: Nr 16 i normalbakken i ski-VM i Sapporo og sølvmedalje i laghopping same staden
  • 2008: Nr 18 i VM i skiflyging i Oberstdorf og bronsemedalje i laghopping same staden
  • 2009: Nr 5 i storbakken i ski-VM i Liberec og sølvmedalje i laghopping same staden
  • 2010: Nr 18 i normalbakken under vinter-OL i Vancouver. Sølv i VM i skyflyging for lag i Planica og bronse i OL for lag i Vancouver
  • 2011: Nr 7 og 9 i storbakken og normalbakken i ski-VM i Oslo. Med på begge sølvlaga.

Besteplasseringar i internasjonale renn endre

  • 2001: Nr 13 i Trondheim
  • 2001/02: Nr 13 i Engelberg
  • 2003: Nr 8 i Bad Mitterndorf
  • 2004: Nr 4 i Titisee
  • 2005: Nr 19 to gongar
  • 2006: Nr 6 i Sapporo
  • 2007: Nr 3 i Oslo
  • 2008: Siger i Zakopane, to andreplassar (Bischofshofen & Kuopio) og to tredjeplassar
  • 2009: To fjerdeplassar, i Trondheim og i Planica (skiflyging)
  • 2010: Nr 11 i Oslo
  • 2011: Nr 4 i Lahti
  • 2012: Vinnar av tre renn i verdscupen; Engelberg, Bad Mitterndorf, Willingen, og av verdscupen samanlagt

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

Bakgrunnsstoff endre