Linet Chepkwemoi Masai (fødd 5. desember 1989) er ein kenyansk friidrettsutøvar som tevlar i langdistanseløp. Ho vart verdsmeister på 10 000 meter under VM i friidrett 2009 i Berlin.

Linet Masai

Linet Masai under friidretts-VM 2009
Foto: Erik van Leeuwen
Statsborgarskap Kenya
Fødd 5. desember 1989 (34 år)
Kapsokwony
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008

Aktiv endre

19 år gamle Masai vann 10000-meterløpet under friidretts-VM 2009 med tida 30.51,2, eitt tidels sekund framom Meselech Melkamu frå Etiopia. Same året vart ho nummer to i VM i terrengløp i Amman, ein prestasjon ho gjentok i Bydgoszcz i 2010 og Punta Umbria i 2011. I verdsmeisterskapen i friidrett 2011 klarte ho ikkje å halde fylgje med landskvinnene Vivian Cheruiyot og Sally Kipeygo heilt inn til mål på 10000 m, men sikra seg bronsemedaljen.

Kjelder endre