Linn Jørum Sulland

Linn Jørum Sulland (fødd 15. juli 1984) er ein norsk handballspelar som har spela for Larvik Håndballklubb sidan 2009. Ho har vunne to EM-gull, eitt VM-gull og eitt OL-gull for Noreg, meisterligaen 2011 med Larvik HK, og tre serie- og tre cupmeisterskap med same klubben. Venstrehendte Sulland er høgre rykkrom-spelar. Perioden 2004-2018 deltok Sulland i 193 landskampar og skåra 579 mål for Noreg.

Linn Jørum Sulland

Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. juli 1984 (39 år)
Oslo
Yrke handballspelar, strandhåndballspiller
Høgd 178 centimeter
Mor Guri Jørum
Linn Jørum Sulland på Commons

Handballspelaren Guri Jørum, er mor hennar, og fotballtrenaren Einar Jørum var morfaren hennar.

Aktiv endre

Sulland spela for Korsvoll til ho i 2001 melde overgang til toppserieklubben Stabæk. Ho var i 2005 toppskårar i den norske toppserien med 159 skåringar og vart kåra til årets spelar i Noreg. Sommaren 2009 gjekk ho over til Larvik HK, der ho vann tre seriegull i åra 2010-12, den europeiske meisterligaen 2011, og tre norske cupgull.

Sulland debuterte på det norske handballandslaget 26. mars 2004. Meisterskapsdebuten fekk ho i VM 2005, som enda med norsk niandeplass. Ho kom ikkje med til EM 2006, men året etter fekk ho plass i VM-troppen. Noreg vann sølv i Paris, men Sulland fekk ikkje spele finalekampen som enda med 24-29-tap for Russland. Ho var heimeverande reserve då Noreg vart olympiske meistrar under OL i Beijing. Same året, 2008, vart ho europameister med Noreg etter siger 31-24 over Spania.

Linn Sulland i Våg-drakt i 2018

Sulland fekk ikkje plass i VM-troppen 2009, og til handball-EM 2010 var ho heimeverande reserve i dei innleiande rundane. Etter rokeringar kom ho inn i troppen til semifinalen mot Danmark, og imponerte då dei danske kvinnene vart slått 29-19. Også i finalen spela ho godt, og var med å sikre norsk EM-gull med 25-20 over Sverige. I 2011 vart Sulland verdsmeister med Noreg, ho skåra fem av finalemåla då Frankrike vart slått 33-24 i Sao Paulo.

Under OL 2012 var Sulland den viktigaste angrepsspelaren for Noreg. I finalen imponerte ho stort og skåra ti av dei 26 måla då Noreg vann 26-23 over Montenegro.

Merittar landslag endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre