Linosa
Linosa er ei øy i Middelhavet og ei av dei små Pelagiske øyane, som er ein del av provinsen Agrigento i Italia. Øya ligg 205 km frå Sicilia og 113 km frå Tunisia. Ho har eit areal på 5,4 km² og om lag 420 innbyggjarar, som livnærer seg på fiske, jordbruk og turisme. Øya vart først busett på 1500-talet, då sjørøvarar nytta ho som base. Ein kan nå øya med ferje frå Porto Empedocle på Sicilia.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/2e/Pelagie_Islands_map.png/220px-Pelagie_Islands_map.png)
Det vert dyrka kapers, linser og vin på øya, og om sommaren er det noko turisme.
Linosa er i motsetnad til dei to andre øyane i øygruppa, Lampedusa og Lampione, av vulkansk opphav. Vulkanen har vore inaktiv i 2500 år. Det høgaste punktet på øya er Monte Vulcano på 195 meter over havet. Øya har fleire endemiske planteartar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Linosa» frå Wikipedia på engelsk, den 1. november 2007.