Linth
Linth er ei 37 km lang elv i det sentrale, austlege Sveits. Elva har kjelde i Glarus-Alpane i kantonen Glarus, og renn gjennom kantonane St. Gallen og Schwyz. Linth munnar ut i Zürichsjøen. Opphavleg rann Linth forbi Walensjøen og tok opp elva Maag, som var avlaup for Walensjøen, før ho nådde Zürichsjøen. Grunna stendig overfløyming vart Linth regulert mellom 1807 og 1816. Ein bygde då Escherkanalen og leia Linth gjennom denne ut i Walensjøen, frå denne innsjøen renn ho gjennom Linthkanalen til Zürichsjøen. Når elva forlet Zürichsjøen, har ho skifta namn til Limmat, som er ei bielv til Aare.
Linth | |||
elv | |||
Linth nær Reichenburg
| |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Kanton | Glarus, St. Gallen, Schwyz | ||
Lengd | 37 km | ||
Kjelde | Tödi-massivet | ||
• høgd | 1 000 moh. | ||
- koordinatar | 46°51′57″N 8°58′49″E / 46.86583°N 8.98028°E | ||
Munning | Zürichsjøen | ||
- koordinatar | 47°13′7″N 8°56′28″E / 47.21861°N 8.94111°E | ||
Linth 46°51′57″N 8°58′49″E / 46.865833333333°N 8.9802777777778°E | |||
Wikimedia Commons: Linth |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Linth» frå Wikipedia på tysk, den 18. august 2011.