Opna hovudmenyen

Glarus-Alpane er ei fjellkjede i det sentrale Sveits. Ho strekker seg frå Vorderrheindalen i søraust til Walensjøen og Klausenpasset i nord. Fjellkjeda grensar mot Uri-Alpane i vest, Lepontin-Alpane i sør og Appenzell-Alpane i nordaust. Fjelltoppane høyrer heime i kantonane Glarus, Graubünden, Sankt Gallen og Uri.

Glarus-Alpane
fransk Alpes glaronaises, tysk Glarner Alpen
Fjellkjede
Braunwald Alps.jpg
Glarus-Alpane frå Braunwald
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Kantonar Glarus, Uri, Graubünden, St. Gallen
Del av Alpane
Grensar til Urner-Alpane, Dei lepontinske Alpane, Appenzelleralpane
Høgaste punkt Tödi
 - høgd 3 614 moh.
 - koordinatar 46°48′40″N 8°54′53″E
Dei sentrale Alpane (Glarus-Alpane er markert som Alpes glaronaises)
Dei sentrale Alpane (Glarus-Alpane er markert som Alpes glaronaises)
Wikimedia Commons: Glarner Alps

Høgste fjelltoppen er den 3 614 meter høge Tödi. I Glarus-Alpane finst elles mange fjelltoppar som er over 3 000 m, samt nokre isbrear. Glarus-Alpane har færre besøkande enn andre, meir kjende fjellparti i Vest-Alpane.

I dei austlege delane av Glarus-Alpane finst ei stor tektonisk forskuving som er teken med på UNESCOs verdsarvliste, grunna sitt geologiske særpreg (Swiss Tectonic Arena Sardona).

FjelltopparEndra

 
Selbsanft og Tödi
 
Frå toppen av Fronalpstock

Dei høgste toppane i Glarus-Alpane:

Namn Høgd (moh)
Tödi 3 614
Bifertenstock 3 421
Piz Urlaun 3 359
Oberalpstock 3 328
Gross Schärhorn 3 294
Clariden 3 267
Düssi 3 261
Ringelspitz 3 247
Cavistrau 3 252
Gross Windgällen 3 187
Hausstock 3 158
Gross Ruchen 3 138
Ruchi 3 107
Piz Segnas 3 099
Piz Giuv 3 096
Crispalt 3 076
Bristen 3 072
Piz Nair 3 059
Piz Sardona 3 056
Selbsanft 3 029
Vorab 3 025
Witenalpenstock 3 016

BrearEndra

Sjå ògEndra

KjelderEndra


BakgrunnsstoffEndra