Linus Pauling

(Omdirigert frå Linus C. Pauling)

Linus Carl Pauling (28. februar 190119. august 1994) var ein amerikansk kvantekjemikar, biokjemikar, forfattar og fredsaktivist. Han gav ut over 1 200 bøker og artiklar, rundt 850 av dei om vitskaplege emne.[1] New Scientist kalla han ein av dei 20 største vitskapsfolka gjennom tidene.[2] I 2000 var han rangert som den 16. viktigaste vitskapsmannen i historia av The scientific 100.[3]

Linus Pauling

Fødd28. februar 1901
Portland i Oregon
Død18. august 1994
Big Sur
NasjonalitetUSA
Områdekvantekjemi, biokjemi, fysikalsk kjemi
Yrkekjemikar, fysikar, esperantist, universitetslærar, biokjemikar, fredsaktivist, krystallograf, biofysiker, aktivistaksjonær
InstitusjonarCalifornia Institute of Technology
Linus Pauling Institute
University of California, San Diego
Stanford University
Oregon State University
Alma materCalifornia Institute of Technology
Oregon State University
Washington High School
DoktorgradsrettleiarRoscoe G. Dickinson
Richard C. Tolman
DoktorgradsstudentarJerry Donohue
Martin Karplus
Matthew Meselson
Edgar Bright Wilson
William Lipscomb
EktefelleAva Helen Pauling
BarnPeter Pauling
MedlemRoyal Society
American Philosophical Society
Det bayerske vitskapsakademiet
National Academy of Sciences
International Academy of Quantum Molecular Science
Det franske vitskapsakademiet
American Academy of Arts and Sciences
Det sovjetiske vitskapsakademiet
Royal Society of Edinburgh
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
Académie nationale de médecine
Det polske vitenskapsakademi

Nobelprisen
Nobelprisen i kjemi
1954

Pauling var ein pionér når det gjaldt å nytta kvantemekanikk innan kjemi, og han mottok Nobelprisen i kjemi for forskinga si på naturen til kjemiske bindingar. Han gav òg viktige bidrag til å bestemma krystall- og proteinstrukturar, og var ein av grunnleggjarane av molekylærbiologi.

Pauling var kjent for vidfemnande kunnskapar innan uorganisk kjemi, organisk kjemi, metallurgi, immunologi, anestesiologi, psykologi, radioaktiv nedbryting og etterverknadene etter kjernefysiske eksplosjonar, i tillegg til kvantemekanikk og molekylærbiologi. Pauling mottok Nobels fredspris i 1962 for kampanjen sin mot atomprøvesprengningar over bakken, og er ein av berre fire personar i historia som individuelt har motteke to nobelprisar.[4] Han er òg ein av berre to som har motteke to prisar i ulike felt (kjemi og fred) – den andre er Marie Curie (kjemi og fysikk) – og den einaste som har motteke to prisar utan å dela med andre.[5]

Seinare i livet vart han ein aktivist for regelmessig inntak av massive dosar med vitamin C, ein praksis som ikkje har fått innpass i medisinsk praksis, men som har vorte sentral innanfor den alternative behandlingsforma ortomolekylær medisin (nærskyldt med kosthaldsmedisin). Han meinte blant anna at vitamin C kunne hjelpa mot forkjøling og at større inntak av vitaminet ville føra til ein livsforlengande effekt, men begge delar har seinare vorte attendevistw.[6]

Prisar og utmerkingar (utval)

endre

Verk av Linus Pauling

endre
  • Pauling, L. A Lifelong Quest for Peace, A Dialogue with Daisaku Ikeda (Jones And Bartlett Publishers) ISBN 0-867-20278-5
  • Pauling, L. The Nature of the Chemical Bond (Cornell University Press) ISBN 0-8014-0333-2
  • Pauling, L., and Wilson, E. B. Introduction to Quantum Mechanics with Applications to Chemistry (Dover Publications) ISBN 0-486-64871-0
  • Cameron E. and Pauling, L. Cancer and Vitamin C: A Discussion of the Nature, Causes, Prevention, and Treatment of Cancer With Special Reference to the Value of Vitamin C (Camino Books) ISBN 0-940159-21-X
  • Pauling, L. How to Live Longer and Feel Better (Avon Books) ISBN 0-380-70289-4
  • Pauling, L. Linus Pauling On Peace – A Scientist Speaks Out on Humanism and World Survival (Rising Star Press) ISBN 0-933670-03-6
  • Pauling, L. General Chemistry (Dover Publications) ISBN 0-486-65622-5
  • Pauling, L. A Lifelong Quest for Peace, A Dialogue with Daisaku Ikeda New Publication 2008 (I.B. Tauris) ISBN 978-1845118891
  • The Pauling Catalogue (Oregon State University Libraries) ISBN 0-9629082-3-1

Kjelder

endre
Fotnotar
  1. Pauling, Linus (1997). Pauling, Jr., Linus, red. Selected papers of Linus Pauling (Volume I utg.). River Edge, NJ: World Scientific. s. xvii. ISBN 978-9810229399. 
  2. Horgan, J (1993). «Profile: Linus C. Pauling – Stubbornly Ahead of His Time». Scientific American 266 (3): 36–40. Bibcode:1993SciAm.266c..36H. doi:10.1038/scientificamerican0393-36. 
  3. Simmons, John (1996). The scientific 100 : a ranking of the most influential scientists, past and present. Secaucus, NY: Carol Publ. Group. ISBN 978-0806517490. Henta 26 May 2015. 
  4. Marie Curie, John Bardeen og Frederick Sanger er dei andre. Som Watson bekrefter, var Pauling også nær ved å bli oppdagaren av DNA-strukturen som Francis Crick, James Watson og Maurice Wilkins fekk Nobelprisen for.
  5. Dunitz, s. 222
  6. «How Linus Pauling duped America into believing vitamin C cures colds». Vox. 27. februar 2015. Henta 12. april 2016. 
Bibliografi
  • Dunitz, J.D. (1996). «Linus Carl Pauling. 28 February 1901-19 August 1994». Biographical Memoirs of Fellows of the Royal Society 42: 316–326. doi:10.1098/rsbm.1996.0020.