Lenins fredspris, opphavleg Stalins fredspris, kjent som Stalinprisen, var ein pris som vart utdelt av Sovjetunionen frå 1949 til 1990.

Medaljen for Lenins fredspris (advers). Denne medaljen vart gjeven til Linus Pauling og har hans namn inngravert
Prismedaljen bar opphavleg portrett av Stalin. Her frå eit sovjetisk frimerke (1953)

Prisen vart innstifta 21. desember 1949 av Josef Stalin (formelt gjennom eit dekret frå presidiet i Det øvste sovjetet) som Den internasjonale Stalinprisen «for å styrkja freden mellom nasjonane». Prisen vart gjerne omtalt som Stalins fredspris eller Stalinprisen. Han vart oppretta til ære for Stalins 70-årsdag, og var meint som eit slag stalinistisk alternativ til Nobels fredspris. Sjølv om prisen var til ære for Stalins 70-årsdag, vart han oppretta etter at Stalin hadde fylt 71 år (18. desember same året). Prisen vart utdelt til fleire mottakarar kvart år og vart berre gjeven til utlendingar. Prismedaljen hadde eit portrett av Josef Stalin.

I samband med avstaliniseringa fekk prisen frå og med 1957 det offisielle namnet Den internasjonale Leninprisen «for å styrkja freden mellom nasjonane» (russisk Международная Ленинская премия «За укрепление мира между народами»). Tidlegare prisvinnarar vart oppfordra til å senda prismedaljane sine tilbake og få dei bytta i medaljar utan Stalin sitt namn og portrett.

Den norske sosialistiske presten Ragnar Forbech mottok prisen medan han framleis heitte Stalinprisen, noko som vart møtt med kraftig fordømming i Noreg.

Mottakarar av Stalins fredspris/Lenins fredspris (ufullstendig liste) endre

Stalins fredspris endre

Lenins fredspris endre

Kjelder endre