Linus Pauling
Linus Carl Pauling (28. februar 1901–19. august 1994) var ein amerikansk kvantekjemikar, biokjemikar, forfattar og fredsaktivist. Han gav ut over 1 200 bøker og artiklar, rundt 850 av dei om vitskaplege emne.[1] New Scientist kalla han ein av dei 20 største vitskapsfolka gjennom tidene.[2] I 2000 var han rangert som den 16. viktigaste vitskapsmannen i historia av The scientific 100.[3]
Nobels fredspris
1962
Pauling var ein pionér når det gjaldt å nytta kvantemekanikk innan kjemi, og han mottok Nobelprisen i kjemi for forskinga si på naturen til kjemiske bindingar. Han gav òg viktige bidrag til å bestemma krystall- og proteinstrukturar, og var ein av grunnleggjarane av molekylærbiologi.
Pauling var kjent for vidfemnande kunnskapar innan uorganisk kjemi, organisk kjemi, metallurgi, immunologi, anestesiologi, psykologi, radioaktiv nedbryting og etterverknadene etter kjernefysiske eksplosjonar, i tillegg til kvantemekanikk og molekylærbiologi. Pauling mottok Nobels fredspris i 1962 for kampanjen sin mot atomprøvesprengningar over bakken, og er ein av berre fire personar i historia som individuelt har motteke to nobelprisar.[4] Han er òg ein av berre to som har motteke to prisar i ulike felt (kjemi og fred) – den andre er Marie Curie (kjemi og fysikk) – og den einaste som har motteke to prisar utan å dela med andre.[5]
Seinare i livet vart han ein aktivist for regelmessig inntak av massive dosar med vitamin C, ein praksis som ikkje har fått innpass i medisinsk praksis, men som har vorte sentral innanfor den alternative behandlingsforma ortomolekylær medisin (nærskyldt med kosthaldsmedisin). Han meinte blant anna at vitamin C kunne hjelpa mot forkjøling og at større inntak av vitaminet ville føra til ein livsforlengande effekt, men begge delar har seinare vorte attendevistw.[6]
Prisar og utmerkingar (utval)
endre- 1931 – ACS Award in pure chemistry
- 1954 – Nobelprisen i kjemi
- 1962 – Nobels fredspris
- 1967 – Lenins fredspris
Verk av Linus Pauling
endre- Pauling, L. A Lifelong Quest for Peace, A Dialogue with Daisaku Ikeda (Jones And Bartlett Publishers) ISBN 0-867-20278-5
- Pauling, L. The Nature of the Chemical Bond (Cornell University Press) ISBN 0-8014-0333-2
- Pauling, L., and Wilson, E. B. Introduction to Quantum Mechanics with Applications to Chemistry (Dover Publications) ISBN 0-486-64871-0
- Cameron E. and Pauling, L. Cancer and Vitamin C: A Discussion of the Nature, Causes, Prevention, and Treatment of Cancer With Special Reference to the Value of Vitamin C (Camino Books) ISBN 0-940159-21-X
- Pauling, L. How to Live Longer and Feel Better (Avon Books) ISBN 0-380-70289-4
- Pauling, L. Linus Pauling On Peace – A Scientist Speaks Out on Humanism and World Survival (Rising Star Press) ISBN 0-933670-03-6
- Pauling, L. General Chemistry (Dover Publications) ISBN 0-486-65622-5
- Pauling, L. A Lifelong Quest for Peace, A Dialogue with Daisaku Ikeda New Publication 2008 (I.B. Tauris) ISBN 978-1845118891
- The Pauling Catalogue (Oregon State University Libraries) ISBN 0-9629082-3-1
Kjelder
endre- Fotnotar
- ↑ Pauling, Linus (1997). Pauling, Jr., Linus, red. Selected papers of Linus Pauling (Volume I utg.). River Edge, NJ: World Scientific. s. xvii. ISBN 978-9810229399.
- ↑ Horgan, J (1993). «Profile: Linus C. Pauling – Stubbornly Ahead of His Time». Scientific American 266 (3): 36–40. Bibcode:1993SciAm.266c..36H. doi:10.1038/scientificamerican0393-36.
- ↑ Simmons, John (1996). The scientific 100 : a ranking of the most influential scientists, past and present. Secaucus, NY: Carol Publ. Group. ISBN 978-0806517490. Henta 26 May 2015.
- ↑ Marie Curie, John Bardeen og Frederick Sanger er dei andre. Som Watson bekrefter, var Pauling også nær ved å bli oppdagaren av DNA-strukturen som Francis Crick, James Watson og Maurice Wilkins fekk Nobelprisen for.
- ↑ Dunitz, s. 222
- ↑ «How Linus Pauling duped America into believing vitamin C cures colds». Vox. 27. februar 2015. Henta 12. april 2016.
- Bibliografi
- Dunitz, J.D. (1996). «Linus Carl Pauling. 28 February 1901-19 August 1994». Biographical Memoirs of Fellows of the Royal Society 42: 316–326. doi:10.1098/rsbm.1996.0020.
- Denne artikkelen bygger på «Linus Pauling» frå Wikipedia på engelsk, og «Linus Pauling» frå Wikipedia på bokmål den 23. september 2019.