Lista fyrstasjon
Lista fyrstasjon er eit fyr som ligg på Ytre Listalandet i Farsund kommune i Agder. Fyret bestod tidlegare av tre fyrtårn, men i dag står berre eitt att. Det første fyret vart tent i 1836.
![]() Lista fyr i solnedgang. Foto: Rolf Steinar Bergli | |
Fylke | Agder |
---|---|
Kommune | Farsund |
Funksjon | Kystfyr |
Oppretta | 1836 |
Koordinatar | Koordinatar: |
Fyrtårn | |
Høgd | 34,0 |
Form | Fyrbygning med tårn |
Byggjemateriale | Hogd granitt |
Fyrlys | |
Lyskarakter | Lysglimt vart 4. sek. |
Lyshøgd | 39,5 moh. |
Status | |
Eigar | Staten |
Automatisert | 2003 |
Avfolka | 2003 |
Vernestatus | Freda etter lov om kulturminne |
![]() Lista fyrstasjon | |
Fyrtårnet er bygd i hogd granitt og er frå 1833 og er 34 meter høgt. Det hurtigblinkande linseapparatet er framleis i drift. Frå 1853 til 1874 stod det tre fyrtårn av denne typen på stasjonen. Dette var fordi det var nødvendig for å skilje Lista frå andre fyr. Stasjonen omfattar maskinhus, bustader med tilhøyrande uthusfunksjonar, uthus, tuft etter smie, veg til landing, samt naust. Fyrstasjonen har ein vêrstasjon og kystmeldingsteneste i tillegg til fyrdrifta. Området er avsett til landbruks-, natur-, og friluftsformål i kommuneplanen for Farsund.
Fyrstasjonen er et karakteristisk landemerke i det flate, særeigne og rike kulturlandskapet på Lista. Fyrtårnet er det einaste høge steintårnet i regionen og sjeldan i norsk fyrhistorisk samanheng. Fyrmeisterbustaden med uthus er av dei få bygningane ved fyrstasjonane her i landet frå byrjinga av 1800-talet, og har derfor høg aldersverdi. Linseapparatet har fyrteknisk verdi.
Lista fyrstasjon har miljøskapande verdi slik det ligg samla og avgrensa av steingjerde i det opne landskapet. Fyrstasjonen er viktig langs Listakysten, som er den største skipskyrkjegarden i landet. Eitt av dei tre tårna vart flytta og gjenreist som Halten fyr i Sør-Trøndelag.
Klima Endra
Vêrstasjonen på Lista fyr har vore i drift sidan juli 1919 og har synopnummer 1427. Stasjonen ligg 14 meter over havet.
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Temperatur (°C) | 1,0 | 0,5 | 2,2 | 4,9 | 9,2 | 12,4 | 13,9 | 14,6 | 12,2 | 9,4 | 5,5 | 2,7 | 7,4 |
Nedbør (mm) | 94 | 61 | 74 | 58 | 72 | 67 | 78 | 107 | 134 | 151 | 150 | 101 | 1147 |
Sjå òg Endra
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «Lista fyrstasjon» frå Wikipedia på bokmål, den 7. oktober 2008.
Andre kjelder Endra
- «Norsk fyrliste 2008» (PDF). Kystverket.
- «Lyngør fyrstasjon». Norsk Fyrhistorisk Forening.
Bakgrunnsstoff Endra
- Lista fyr
- Lista fyrstasjon i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren