«Listesaka» var ei mykje omtalt nyhendesak i Noreg i 1977. Politiet gjekk i august 1977 til razzia mot avisa Ny Tid sitt redaksjonslokale i Oslo og beslagla lister med 600 namn over tilsette i dei løynlege tenestene som SV-aren Ivar Johansen hadde samla inn.[1] Han hadde nytta opne kjelder som telefonkatalogen, Tjenestemannsbladet og Politibladet, og notert bilnummera til dei tilsette.

Saka starta med at Ny Tid hadde oppslag om at Noreg hadde gjeve finske nazistar opptrening til spionasje mot Sovjetunionen. Kjelda til denne artikkelen var major Svein Blindheim. I eit intervju om «Blindheimsaka» med Arbeiderbladet uttalte Ivar Johansen at han hadde namnelister på alle i dei løynlege tenestene i Noreg.

Før politiet rakk fram til redaksjonslokala vart listene flytta til Jan Otto Hauge si campingvogn på Solvang kolonihage i Oslo.

Ivar Johansen vart dømd til fengsel delvis på vilkår i eitt år, der han sona 60 dagar. Journalist Ingolf Håkon Teigene[2] og Jan Otto Hauge, og dessutan informasjonssekretær i Club 7, Trond Jensen, fekk dommar på vilkår.

Sjå òg endre

Referansar endre

  1. Hanne Mauno (18. okt 2015), «Listemannen Ivar Johansen», Dagsavisen 
  2. Niels Ruben Ravnaas (12. juni 2007), «- Det er usigelig trist», Nettavisen 

Kjelder endre