Little Darlin'
Little Darlin' Singel av The Diamonds | ||
B-side |
Faithful and True | |
---|---|---|
Utgjeve | 8. februar 1957 | |
Sjanger | rock, doo-wop | |
Lengd | 2:05[1] | |
Selskap | Mercury | |
Låtskrivar(ar) | Maurice Williams |
Little Darlin' Song av Elvis Presley frå albumet Moody Blue | ||
Utgjeve | 19. juli 1977 | |
Innspelt | 24. april 1977 | |
Sjanger | rock | |
Lengd | 1:56 | |
Selskap | RCA Records | |
Låtskrivar(ar) | Maurice Williams |
---|
«Little Darlin'» er ein amerikansk rockesong gjort kjend av The Diamonds.[2]
The Gladiolas-versjonen endre
Songen vart skriven av Maurice Williams med både melodi og doo-wop-akkompagnement som legg kraftig vekt på ein claves-rytme. Han vart først spelt inn for Excello Records i januar 1957 og kort tid etter som ein rhythm-and-blues-song av Williams si R&B-gruppe, The Gladiolas. Songen er kjend for eit talt vers av songaren («My Darlin' I need you...»). The Gladiolas, med Williams, kom frå Lancaster i Sør-Carolina, der dei hadde vore i lag sidan skulen. The Gladiolas-versjonen nådde 11. plassen på R&B-lista i april 1957, men kom berre så vidt inn på Hot 100. I 1959 vart gruppa til Williams «Maurice Williams and The Zodiacs» med ein rock 'n roll-R&B-hit «Stay.»
The Diamonds-versjonen endre
The Diamonds-versjonen kom ut ein månad seinare. The Diamonds var frå Canada og nådde andreplassen på Billboard Hot 100, der han låg i åtte veker. Billboard rangerte denne versjonen på tredjeplassen for heile 1957.
Andre versjonar endre
Songen vart seinare spelt inn av Elvis Presley for det siste albumet hans, Moody Blue (1977). Rock-and-roll-revival-gruppa Sha Na Na framførte «Little Darlin'» på Woodstock-festivalen i 1969.
- The Rocky Fellers - eit guteband frå Filippinane klarte å få ein hit med songen Billboard Hot 100-lista i 1960
- Joan Baez framførte ein parodiversjon på konsertane sine tidleg i 1960-åra. Eit opptak kom ut i 1983 på albumet Very Early Joan.
- The Chevrons
- Classics IV
- The Four Seasons
- The Monkees framførte songen på TV-sendinga 33⅓ Revolutions Per Monkee i 1969.
- Victor Wood spelte inn denne songen på albumet hans Knock on Wood.
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Little Darlin'» frå Wikipedia på engelsk, den 26. juni 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «The Diamonds - Little Darlin' / Faithful And True (Vinyl)». Discogs.com. 8. februar 1957. Henta 20. oktober 2016.
- ↑ Gilliland, John (1969). «Show 11 - Big Rock Candy Mountain: Early rock 'n' roll vocal groups & Frank Zappa» (audio). Pop Chronicles. Digital.library.unt.edu.