The Monkees er eit USA-amerikansk rock- og popband som opphavleg var aktive mellom 1966 og 1971, med fleire aktive periodar med album og turnear sidan den gongen. Den originale besetninga bestod av skodespelarane og musikarane Micky Dolenz, Michael Nesmith og Peter Tork i tillegg til den engelske skodespelaren og songaren Davy Jones. Gruppa vart skipa i 1965 av fjernsynsprodusentane Bob Rafelson og Bert Schneider for situasjonskomedien The Monkees, som gjekk på lufta frå 1966 til 1968. Musikken til bandet vart opphavleg oversett av produsenten Don Kirshner, med låtskrivarduoen Tommy Boyce og Bobby Hart.

The Monkees

The Monkees i 1966.
Med klokka frå venstre: Peter Tork, Micky Dolenz, Michael Nesmith, Davy Jones
OpphavLos Angeles i California i USA
Aktiv
  • 1966–1971
  • 1976
  • 1986–1989
  • 1996–1997
  • 2001–2002
  • sidan 2010
Sjanger
Tilknytte artistar
Plateselskap
Tidlegare medlemmer* Davy Jones
Prisarstjerne på Hollywood Walk of Fame

Dei fire skodespelarane/musikarane fekk is tarten berre avgrensa roller i studio for dei første få månadane. Dette kom dels av at dei måtte bruka tida si på å filme til fjernsynsserien.[1] Likevel skreiv og produserte Nesmith somme songar frå starten av, og Tork bidrog med nokre gitarsinneplingar på innspelingane produserte av Nesmith. Alle fire song solovokal på forskjellige spor. Dei kjempa etter kvart om retten til å styre musikken sin sjølv under bandnamnet, og vere både skodespelarar, musikarar, songarar, låtskrivarar og produsentar.

Etter at fjernsynsserien vart kansellert i 1968, fortsette The Monkees å spele inn musikk fram til 1971, då gruppa vart oppløyst. Det vart fornya interess i TV-serien i 1986, som førte til at gruppa kom saman att for ei rekkje turnear og nye plateutgjevingar. Jones døydde i 2012 og Tork døydde i februar 2019. Dolenz og Nesmith er dei einaste aktive medlemmane att i gruppa.

Dolenz skildra The Monkees som «eit TV-show om eit oppdikta band, som ønskte å vere The Beatles, men som aldri fekk suksess».[2] Ironisk nok førte showet til at medlemmane vart eit av dei mest suksessrike banda i 1960-åra. The Monkees har selt meir enn 75 millionar plater verda over[3][4] som gjer dei til ei av dei bestseljande gruppene gjennom tidene med internasjonale hit som «Last Train to Clarksville», «I'm a Believer», «Pleasant Valley Sunday» og «Daydream Believer». Aviser og magasin rapporterte at The Monkees i 1967 selde meir enn The Beatles og The Rolling Stones til saman,[5][6] men Nesmith innrømde i sjølvbiografien sin Infinite Tuesday at dette var ei løgn han fortalte ein journalist.[7]

Bandmedlemmar endre

  • Micky Dolenz – vokal, trommer, perkusjon, gitar, moogsynthesizer (1966–1971, 1976, 1986–1989, 1996–1997, 2001–2002, sidan 2011)
  • Davy Jones – vokal, perkusjon, trommer, gitar, bass (1966–1971, 1976, 1986–1989, 1996–1997, 2001–2002, 2011–2012; død 2012)
  • Michael Nesmith – gitar, vokal, klaverinstrument, munnspel (1966–1970, 1986, 1989, 1996–1997, 2012–2014, 2016, sidan 2018)
  • Peter Tork – bassgitar, vokal, gitar, klaverinstrument, banjo (1966–1968, 1976, 1986–1989, 1996–1997, 2001, 2011–2018; død 2019)

Tidslinje endre

Diskografi endre

Kjelder endre

  1. Sandoval, Andrew (2005). The Monkees: The Day-by-Day Story of the '60s TV Pop Sensation. San Diego: Thunder Bay Press. s. 39. ISBN 978-1-59223-372-4. 
  2. Piorkowski, Jeff. «Monkee Micky Dolenz loves science, excels in all forms of entertainment». Cleveland.com. Arkivert frå originalen 31. mai 2012. Henta 16. mai 2012. 
  3. Graff, Gary (29. februar 2012). «Monkees Singer Davy Jones Dead at 66». Billboard. Arkivert frå originalen 21. mai 2018. Henta 27. oktober 2020. 
  4. 21. februar 2011 (27. oktober 2020). «Hey Hey, It's...The Monkees Reformation». The Daily Telegraph. Arkivert frå originalen 22. juni 2018. Henta 27. oktober 2020. 
  5. [1]
  6. Greene, Andy (11. mai 2012). «The Monkees - 1967 - The Top 25 Teen Idol Breakout Moments». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 5. november 2014. Henta 27. oktober 2020. 
  7. «In 1977 Mike Nesmith Fooled the World: When The Monkees Sold More Records Than The Beatles and Rolling Stones Combined». Flashbak (på engelsk). 18. september 2017. Arkivert frå originalen 20. juni 2018. Henta 27. oktober 2020.