Ein samarie er ein svart prestekjole som saman med kvit prestekrage og messeskjorte vart innført som liturgisk drakt i Danmark-Noreg ved reformasjonen.

Portrett av Petter Dass iført samarie og prestekrage. Frå Melhus kyrkje.

Samarien var prestens personlege drakt, og slik ikkje berre ei liturgisk drakt. Til bruk i gudstenester skulle han alltid bere ei kvit, sid messeskjorte utanpå den svare samarien. Samarien utvikla seg frå borgardrakta slik ho var brukt i Europa på 1500-talet. Pipekrage kjenner vi frå borgar- og hoffportrett frå reformasjonshundreåret.

Frå 1980 vart samarien og prestekragen avløyst av albaen som liturgisk drakt, men prestar som frå før brukte samarie, kunne halde fram å bruke denne.

Kjelder endre