Liu Yandong
Liu Yandong (fødd i 1945) er ein kinesisk kommunistisk politikar. Ho blei medlem av politbyrået for det kinesiske kommunistpartiet i 2007 og gjenvald i 2012. I 2008 blei ho også medlem av regjeringa, som statsråd.
Liu Yandong | |
Verkeleg namn | kinesisk skrift 刘延东, pinyin Liú Yándōng |
Statsborgarskap | Folkerepublikken Kina |
Fødd | 22. november 1945 (78 år) Chuzhou |
Yrke | politikar, kjemikar |
Politisk parti | Kinas kommunistparti |
Religion | ateisme |
Liu Yandong på Commons |
Liu Yandong vart føddi Nantong i provinsen Jiangsu i den dåverande Republikken Kina. Far hennar, Liu Ruilong, var med på å grunnleggja den 14. raude armeen, ein tidleg kommunistisk militsstyrke. Han blei seinare kinesisk jordbruksminister.[1]
Liu blei medlem i kommunispartiet då ho var 19.[2]
Ho studerte ved det prestisjerike Tsinghua-universitetet i Beijing gjennom Kulturrevolusjonen, og gjekk ut i 1970 med ein grad i kjemi. Deretter arbeidde ho ved ein kjemisk fabrikk i Tangshan i Nordaust-Kina. I 1980 blei ho overført til Beijing, der ho arbeidde for kommunistpartiet, og i 1981 blei ho utnemnd til visesekretær for partiet i Chaoyang-distriktet der. I 1982 byrja ho arbeida i Kinas kommunistiske ungdomsliga, der kollegaer var Wang Zhaoguo, Hu Jintao og Song Defu. I løpet av 1980-åra blei ho gift med Yang Yuanxing, og paret fekk ei dotter.
I mars 1991 blei ho generalsekretær for Den sentrale avdelinga for eningsfronten i partiet. Medan ho arbeidde tokho master- og doktorgrad ved Renminuniversitetet og Jilinuniversitetet.
I mars 2002 blei ho vald til viseformann for Det kinesiske folks politisk konsultative konferanse. I november 2007 blei Liu medlem av politbyrået, som einaste kvinne av 25 medlemmer. I 2008 blei ho vald inn i det kinesiske statsrådet. I 2012 blei ho gjenvald til politbyrået, og nokre månader seinareblei ho vald til viseministerpresident av andre rang med ansvar for utdanning, helse og idrett.
Kjelder
endre- ↑ «China faces to watch: Liu Yandong». BBC News. 5. mars 2012.
- ↑ Malcolm Moore (11. april 2012). «Demise of Bo Xilai paves way for Liu Yandong, China's most powerful woman». The Telegraph.
- Denne artikkelen bygger på «Liu Yandong» frå Wikipedia på engelsk, den 22. august 2018.
Bakgrunnsstoff
endre- Liu Yandong ved nettstaden til det kinesiske statsrådet
- China Vitae: Liu Yandong Arkivert 2018-08-22 ved Wayback Machine.