Nantong

Nantong (hanzi 南通, pinyin Nántōng) er eit byprefektur søraust i provinsen Jiangsu ved den kinesiske kysten mot Gulehavet. Byprefekturet har eit areal på 8 001 km2, folketalet vart i 2008 berekna til 7 737 900. Innanfor bygrensene budde 611 736 menneske. Prefekturet ligg på nordbreidda for utløpet av storelva Chang Jiang.

Nantong
南通.jpg
Land Flag of the People's Republic of China.svg Folkerepublikken Kina

Nantong
31°58′58″ N 120°53′14″ E
Plasseringa av Nantong i Jiangsu
Plasseringa av Nantong i Jiangsu
Wikimedia Commons: Nantong

Nantong består av to bydistrikt, fire byfylke og to fylke.

NæringslivEndra

Nantong har eit næringsliv prega av landbruk. Bomulls- og særleg næringsmiddelindustrien sysselset mange. Mange arbeider i sjølve jordbuket. Elektronikkindustrien er stor, mellom anna finst i Nantong den største produsenten av elektrolysekondensatorar i Kina.

KjelderEndra