Liv Mildrid Gjernes
Liv Mildrid Gjernes (fødd 2. juni 1954) er ein norsk møbeldesignar fødd i Lunde i Telemark. Sidan 1991 har ho budd i Eidsfoss i Vestfold, der ho òg har atelier og verkstad. I tida frå 1986 til 1991 budde ho på Fossekleiva i Svelvik.
Liv Mildrid Gjernes | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 2. juni 1954 (70 år) Lunde i Telemark |
Yrke | kunstnar |
Liv Mildrid Gjernes på Commons |
Gjernes vart utdanna ved Institutt for møbel og rom på Statens Høgskole for Kunsthåndverk og design i Bergen.
På oppdrag frå den norske regjeringa utførte ho gåva deira til prinsesse Märtha Louise og Ari Behn sitt bryllaup den 24. mai 2002. Gåva inneheldt to skåp spesielt utforma for bryllaupsparet med namnet «Ikoner for hjertene».