Opna hovudmenyen

Live Album av Grand Funk Railroad

Live Album
Konsertalbum av Grand Funk Railroad
Utgjeve 16. november 1970[1]
Innspelt 23.-25. juni 1970 i Florida
Sjanger Hardrock, psykedelisk rock
Lengd 76:42
Selskap Capitol 633
Produsent Terry Knight
Grand Funk Railroad-kronologi
Closer to Home
(1970)
Live Album Survival
(1971)
Singlar frå Live Album
  1. «Mean Mistreater»/«Mark Say's Alright»
    Utgjeve: 23. november 1970
  2. «Inside Looking Out»/"Paranoid»
    Utgjeve: Januar 1971

Live Album er det første konsertalbumet til hardrockbandet Grand Funk Railroad, opphavleg gjeve ut på Capitol Records den 16. november 1970.[1] Den første singelen frå albumet, «Mean Mistreater», kom ut 23. november og den andre, «Inside Looking Out», kom ut i januar 1971.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[2]
Robert ChristgauC−[3]
Rolling Stone3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg [1]

Albumet vart opphavleg gjeve ut som eit dobbeltalbum. Seinare utgåver på CD har kome som både dobbel- og enkelplate.

Innspeling og produksjonEndra

Den rå energien frå desse konsertane vart fanga på lydband utan at dei vart miksa på ny eller fiksa for mykje på i studio. Denne «direkte innspelingsmetoden» gjer at det manglar litt på den tekniske biten, men syner bandet slik dei høyrdest ut.

Plateomslaget syner eit bilete av bandet frå Atlanta International Pop Festival frå 4. juli 1970, men ikkje noko av musikken på albumet vart teken opp der.

UtgjevingEndra

Då albumet kom ut vart det slakta av kritikarane, men selde likevel godt. Den populære musikkritikaren Robert Christgau sa om albumet «Eg veit at dei har eit flott publikum. Men eit publikum og eit konsertalbum er ikkje det same--ikkje det same i det heile tatt». Han gav albumet karakteren C-.[3] Ei nyare melding av James Chrispell for Allmusic sa at folk anten elska eller hata albumet. Chrispell skreiv òg at Grand Funk Railroad var av dei mest populære konsertbanda på den tida og at konsertane deira var mektige.[2]

Albumet klatra til femteplassen på Billboard 200-lista og nådde 17. plassen på R&B Albums-lista. Det var det einaste albumet til bandet som klarte å nå begge desse listene.[4] Albumet selde til gullplate ei veke etter det kom ut, og i 1991 hadde det seld til 2x platinaplate.[1] Live Album vart det første og einaste albumet deira som nådde topp 40 på UK Albums Chart, med ein 29. plass.[5]

InnhaldEndra

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Introduction»   2:30
2. «Are You Ready»   3:34
3. «Paranoid»   6:20
4. «In Need»   9:50
Side to
# Tittel Lengd
5. «Heartbreaker»   6:58
6. «Inside-Looking Out»   9:21
Side tre
# Tittel Lengd
7. «Words of Wisdom»   0:55
8. «Mean Mistreater»   4:40
9. «Mark Says Alright»   5:10
10. «T.N.U.C.»   11:45
Side fire
# Tittel Lengd
11. «Into the Sun»   12:10

CD-utgåvaEndra

CD-utgåva hadde rett rekkefølgje på songane, slik dei vart framførte på konserten i 1970:[6]

# Tittel Lengd
1. «Introduction»   2:27
2. «Are You Ready»   3:39
3. «Paranoid»   7:20
4. «In Need»   10:58
5. «Heartbreaker»   7:10
6. «Words of Wisdom»   0:52
7. «Mean Mistreater»   4:53
8. «Mark Say's Alright»   5:14
9. «T.N.U.C.»   10:54
10. «Inside Looking Out»   13:43
11. «Into the Sun»   11:24

ListerEndra

Liste (1970) Plassering
Canada[7] 5
US Billboard 200[4] 5
Liste (1971) Plassering
Australia[8] 15
UK Albums Chart[5] 29
US R&B Albums[4] 17

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 «Gold & Platinum Searchable Database» (PHP). Recording Industry Association of America. 
  2. 2,0 2,1 Chrispell, James. «Review: Live Album by Grand Funk Railroad». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 3. august 2016. 
  3. 3,0 3,1 Christgau, Robert. «Grand Funk Railroad: Consumer Guide Reviews» (PHP). Robert Christgau. Henta 3. august 2016. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «Grand Funk Railroad: Charts & Awards – Billboard Albums». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 3. august 2016. 
  5. 5,0 5,1 «Artist Chart History: Grand Funk». The Official Charts Company. Henta 3. august 2016. 
  6. Roeser, Steve (2002). Live Album (liner notes) (CD booklet). Grand Funk Railroad. Capitol Records, Inc. s. 9. 
  7. «100 Albums» (PHP). RPM 14 (19). December 26, 1970. ISSN 0315-5994. Henta 3. august 2016. 
  8. Nimmervoll, Ed (October 2, 1971). «Top 20 Albums». Go-Set 6 (39). Henta 3. august 2016. 

BakgrunnsstoffEndra