Opna hovudmenyen

Terry Knight (fødd 9. april 1943 som Richard Terrance Knapp, daud 1. november 2004) var ein USA-amerikansk rockemusikar, produsent og manager. Han hadde noko suksess som radioprogramleiar, moderat suksess som songar og stor suksess som manager og produsent for Grand Funk Railroad og som produsent for Bloodrock.

Terry Knight
Fødd9. april 1943(1943-04-09)
FødestadLapeer i Michigan i USA
Død1. november 2004
DødsstadTemple, Texas
FødenamnRichard Terrance Knapp
OpphavUSA
Aktiv1963–1973
Sjangerrock, pop
Tilknytte artistarTerry Knight and the Pack, Grand Funk Railroad, ? and the Mysterians, Bloodrock
PlateselskapCapitol Records
Verka somSongar, låtskrivar, manager

Innhaldsliste

Tidleg karriereEndra

Knight byrja karrieren sin som radio-DJ i Detroit i 1963, og sidan i Windsor i Ontario. Han var den første amerikanske DJ-en som spelte The Rolling Stones, og fekk ærestittelen «den sjette Stone» på grunn av støtta han gav Stones i Nord-Amerika i starten. I 1964 hadde Knight slutta radiokarrieren og starta sin eigen musikkarriere. Kring 1965 var Knight frontmann i Terry Knight and the Pack, og fekk fleire hittar i Michigan-området. Bandet vart oppløyst i 1967.

Produsent og solokarriereEndra

I 1967 flytta Knight til New York, og prøvde seg som solosongar og produsent hos Cameo-Parkway, med mindre suksess. Han produserte og skreiv songar for somme artistar, mellom anna garagebandet Question Mark & the Mysterians og easy listening-bandet International Pop Orchestra. Han skreiv òg musikk for filmen The Incident (1967). Knight reiste til London i 1968 og håpte å bli plateartist og eller produsent for det nyoppretta plateselskapet til The Beatles, Apple Records. Knight møtte Paul McCartney og var til stades under innspelinga til Beatles av White Album (1968). Knight drog raskt frå London då han ikkje klarte å få kontrakt med selskapet.[1]

Saint PaulEndra

Tidleg i 1969 fekk Knight ein produsentkontrakt med Capitol Records, der han òg fekk løyve til å spele inn sine eigne songar som soloartist. Han skreiv og spelte inn singelen «Saint Paul», som kan ha medverka til «Paul is dead»-skrøna som dukka opp seinare på året. Den kryptiske teksten omhandla det mislukka forholdet hans til McCartney og at han trudde at Beatles snart kom til å gå frå kvarandre. Songen inneheld linjer frå andre Beatles-songar, og Capitol fekk etter kvart eit forbodsbrev frå forleggjaren til Beatles, Maclen Music (den amerikanske avdelinga til Northern Songs) og plata vart trekt frå marknaden.

Seinare kom det til ein avtale mellom Knight og Maclen Music. Kring ein månad seinare, i mai 1969, vart «Saint Paul» gjeven ut på ny, med forlagsrettar til Maclen.[2] På denne nye versjonen av plata stod det at «Hey Jude» var nytta med løyve. Dette gjorde Knights-songen til den einaste songen Maclen eigde som ikkje var skriven av Lennon–McCartney. «Saint Paul» nådde topp 40 i eit par byar i øvre Midtvesten, men nådde ikkje den nasjonale Billboard Hot 100-lista.

Grand Funk RailroadEndra

Medan han arbeidde som produsent med Capitol fekk Knight ny kontakt med to av dei tidlegare Pack-medlemmane, gitaristen Mark Farner og trommeslagaren Don Brewer. Knight oppfordra dei til å finne ein ny bassist og bli ein powertrio som Cream. Gruppa valte den tidlegare Mysterians-bassisten Mel Schacher og endra namn til Grand Funk Railroad. Knight vart manageren og produsenten deira, og var med på å få bandet opp og fram. Han byrja med å få dei inn på Atlanta Pop Festival. Denne konserten fekk Capitol til å signere trioen. Dei neste to åra vart Grand Funk Railroad eit av dei mest populære rockebanda i USA, trass i lunken mottaking i musikkpressa. Knight oppdaga og produserte òg gruppa Bloodrock, som fekk ein usannsynleg hitt med dødshymnen «D.O.A. (Dead On Arrival)» tidleg i 1971.

Mellom Grand Funk og Bloodrock, produserte Knight i alt åtte gullalbum, samstundes som han var i ein ordkrig med Rolling Stone, som ofte slakta dei to banda. Men tidleg i 1972 var både Grand Funk og Bloodrock i strid med Knight. I Grand Funk sitt tilfelle omfatta rettssaker som pågjekk i nesten to år. Dei hadde kravd full gjennomgang av honorara dei og skulda Knight for å ta seg betalt som både manager og produsent, medan trioen ikkje hadde fått alle pengane dei hadde tent. Knight hevda at bandet berre hadde tre månader igjen med kontrakten sin då dei saksøkte han og at dei hadde fått det langt enklare om dei berre hadde venta det ut. Trioen vann til slutt saka, men det hadde kosta dei dyrt.

Livet etter Grand FunkEndra

Knight vart òg droppa frå Capitol kort tid etter Grand Funk-rettssaka var over, og byrja sitt eige selskap, Brown Bag Records, og gav ut album og singlar med Mom's Apple Pie,[3] John Hambrick, Wild Cherry og Faith Band. Ingen av dei selde godt og seint i 1973 trekte Knight seg heilt frå musikkindustrien. Han hang med supermodellen Twiggy og køyrde kappløp med filmstjerna Paul Newman i midten av 1970-åra, før han vart avhengig av kokain. I 1980-åra kom han seg ut av misbruket og slo seg ned i Yuma i Arizona med kona og dottera. Han arbeidde då som reklameansvarleg i ei vekesavis.

DødEndra

Den 1. november 2004 vart Terry Knight myrda, 61 år gammal. Han vart stukken fleire gonger av kjærasten til tenåringsdottera, Donald A. Fair, etter at Knight gjekk i mellom Fair og dottera i ein krangel om misbruket hans metamfetamin. Fair vart dømd 26. mai 2005 til livstid i fengsel.[4]

KjelderEndra

  1. "Terry Knight Refuses Apple but Still Comes out on Top", Detroit Free Press (May 2, 1969), p. 5C.
  2. "Who Buried Paul McCartney"YouTube TV program produced by Netherlands Film and Television Accedemy
  3. Perrone, Pierre. (November 10, 2004) The Independent. Obituary: Terry Knight - Controversial manager of Grand Funk Railroad.
  4. «Home». Temple Daily Telegram. 28. april 2005. Henta 2. august 2016. 

BakgrunnsstoffEndra