Living in Fear
studioalbum av Tempest
Living in Fear Studioalbum av Tempest | ||
Utgjeve | 1974 | |
Innspelt | Oktober og november 1973 | |
Studio | Air Recording Studios i London | |
Sjanger | Progressiv rock, hardrock | |
Lengd | 38:04 | |
Selskap | Bronze Records | |
Produsent | Gerry Bron | |
Tempest-kronologi | ||
---|---|---|
Tempest (1973) |
Living in Fear |
|
Living in Fear er det andre og siste studioalbumet til det engelske progrockbandet Tempest, gjeve ut på Island Records i 1974.
Etter det debutalbumet vart spelt inn året før, fekk bandet med seg gitaristen, Ollie Halsall, som hadde spelt gitar i progrockbandet Patto. I tillegg til Allan Holdsworth hadde bandet då to gitaristar. Dei spelte ei rekkje konsertar sommaren 1973, men då Living in Fear skulle spelast inn var bandet redusert til ein trio med Halsall, Jon Hiseman på trommer og Mark Clarke på bass, visstnok fordi Holdsworth ikkje ønskte å spele med ein annan gitarist.[1] Bandet vart oppløyst kort tid etter.
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Funeral Empire» | Halsall | 4:25 |
2. | «Paperback Writer» | John Lennon, Paul McCartney | 2:30 |
3. | «Stargazer» | Clarke/Bottomley | 3:36 |
4. | «Dance to My Tune» | Clarke/Bottomley | 7:50 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
5. | «Living in Fear» | Halsall | 4:19 |
6. | «Yeah Yeah Yeah» | Halsall/Hiseman | 3:40 |
7. | «Waiting for a Miracle» | Halsall | 5:18 |
8. | «Turn Around» | Clarke/Bottomley | 6:12 |
Medverkande
endrePer plateomslaget:[2]
- Ollie Halsall - gitar, Moog synthesizer, piano, vokal
- Mark Clarke - bassgitar, vokal
- Jon Hiseman - trommer, perkusjon
- Teknisk
- Gerry Bron - produsent
- Geoff Emerick - lydteknikar
- Peter Swettenham - lydbandoperatør
- Rob Arrenstein - lydbandoperatør
- Mike Vickers - Moog-teknikar
- Fin Costello - fotografi
- Fabio Nicoli Associates - design
Kjelder
endre- ↑ Bennett, Graham (2005). Soft machine: out-bloody-rageous. SAF. s. 267. ISBN 978-0-946719-84-6.
- ↑ Living in Fear lp [liner notes].